NRK Meny
Normal

Ingeborg mista alt i storbrannen: «Ein kan ikkje setje seg til å sture. Det går ikkje.»

LÆRDAL (NRK): 85 år gammal måtte Ingeborg Hunderi flykte frå eit nabolag i full fyr. Men ho mista aldri trua på at ho skulle få flytte tilbake. På NRK1 måndag kan du følgje henne gjennom året som har gått.

Ingeborg Hunderi med husteikning

HÅPAR Å FÅ NOKRE ÅR: – Alt blir nytt og framand, men det blir mitt eige, seier Ingeborg Hunderi med teikninga av hennar nye hus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Du kan ikkje setje ord på det. At det skal vere vekke alt saman. Det er heilt utruleg, seier Ingeborg Hunderi.

No i jula kunne ho endeleg flytte inn i det nye huset. Sjølv om høgtida har vore prega av ein lei lungebetennelse, så gler ho seg stort.

– Alt er så fint i det nye huset, fortel ho.

85-åringen er ein av lærdølane ein kan møte i dokumentaren «På brent grunn» som blir vist på NRK1 måndag klokka 19:45. Du kan også sjå programmet i NRK sin nettspelar.

I snart eitt år har fjernsynskamera frå NRK Sogn og Fjordane følgt gjenoppbygginga etter den største brannen i Norge etter Den andre verdskrigen.

Det som starta som éin husbrann, vart natt til 19. januar i år til eit inferno lærdølane aldri vil gløyme. Etter ein uvanleg tørr vinter spreidde sterke kastevindar elden fleire hundre meter. 42 bygningar, heimane til 71 personar vart slukt av flammane.

  • Sjå video med Ingeborg nedst i saka.

Mista fem bygningar

Spora etter brannen er rydda vekk når NRK i mai er med Ingeborg Hunderi tilbake på tomta som har vore heimen hennar i 40 år. Bergo 2 på Lærdalsøyri.

Her stod eit klyngetun med fem bygningar. Einebustaden Hunderi budde i, kårstova Oskarhuset, hønsehus, bakstehus og vedskjul. Berre eit par ripsbusker er att. Eitt svidd epletre vitnar om infernoet som herja.

85-åringen har fått teikna sitt nye hus, og er fast bestemt på at det er her ho vil bu.

– Eg har no håp om å få komme inn i huset mitt og vere der nokre år. Derfor er det om å gjere å få det opp att så raskt som mogeleg.

Ingeborg Hunderi på branntomta i Lærdal

MISTA FEM BYGNINGAR: Eit heilt klyngetun gjekk tapt for Ingeborg Hunderi.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Skulle bli naboar att

Ho hadde gledd seg til å bli nabo att med venninna Olga. Slik skulle det ikkje gå. I slutten av mai kom den triste meldinga. Olga var gått bort.

– Det vart litt rart når Olga reiste. Det var ein strek i rekninga. Bergo blir ikkje det same att. Det var jo eg og ho Olga. Det blir ikkje det same som når Olga var her.

Likevel har 85-åringen vore fast bestemt på at ho må sjå framover. Framover mot ei framtid i nytt hus.

– Ein kan ikkje setje seg til å sture. Det går ikkje, det, fastslår Hunderi.

Olga Kvamme og Ingeborg Hunderi

VENNINNE OG NABOAR: Olga Kvamme (t.v.) og Ingeborg Hunderi fotografert tidleg i mai mens dei ser på kvar sine husteikningar. Nokre veker seinare gjekk Olga bort.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

19 år og eigar av ein brannruin

På brent grunn byr også på fleire møter med 19 år gamle Leiv Thomas Faulkner gjennom året som har gått.

Branntomta etter Sønneva Eris hus

VAR FREDA: Berre oska var etter Sønneva Eris hus. Bygget har husa både bakeri og telegrafstasjon. No skal det byggast opp att med identisk eksteriør.

Foto: Johan Moen / NRK

Som raudruss på Sygna vidaregåande skule i Balestrand sat Faulkner brått med ansvaret for det som vart den mest omtala av brannruinane i Lærdal. Restane av det freda Sønneva Eris hus, frå om lag 1840. Då far til Leiv Thomas, Tim Faulkner som i ei årrekkje var lege i Lærdal, døydde i 2012, arva 19-åringen huset.

– Det var alt etter faren min som gjekk med. Eg har litt som var i huset vårt på Austlandet, men det var omtrent alt. Eg har tapt mange minner, rett og slett. Mykje som eg hadde hatt lyst å gå gjennom, som eg ikkje hadde fått gjort enno.

Leiv Thomas Faulkner

KJÆRT MINNE: Leiv Thomas Faulkner med motorsykkelen han fann i brannruinen etter Sønneva Eris hus. Sykkelen, ein Jawa, kjøpte faren tidleg på 1980-talet.

Foto: Arve Uglum / NRK

19 år gammal, no som elev på folkehøgskule, er Leiv Thomas fast bestemt på å bygge opp att Sønneva Eris hus.

– Eg vil bygge opp att eit tilnærma likt hus. Det skal vere noko som lærdølane kjenner att, og som eg kjenner att. Ein kopi av det gamle, men moderne og funksjonelt innvendig.

Kampen om pengane

Jan Geir Solheim

SNAKKAR UT: I dokumentaren 'På brent grunn' fortel ordførar Jan Geir Solheim om kampen for statlege midlar etter storbrannen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Dokumentaren følgjer også kommunen sin kamp om statlege pengar etter storbrannen.

Lærdal søkte om drygt 50 millionar til attreising og omstilling. Regjeringa har tilbydd langt under halvparten.

Dokumentaren set også søkelys på brannsikringa av dei om lag 160 verna bygningane som utgjer gamle Lærdalsøyri. Området er rekna som eit av det best bevarte bymiljøa Norge har frå 1700 og 1800-talet, men brannsikringsarbeidet stoppa opp i 2011.

Norsk dokumentar. Natt til 19. januar i år blei Lærdalsøyri herja av storbrann. Flammehavet slukte 40 bygningar, 70 menneske stod utan hus. I snart eitt år har NRK følgt gjenoppbygginga og kampen for å ta kvardagen tilbake.

SJÅ VIDEO: I NRK-dokumentaren "På brent grunn" er Ingeborg Hunderi er ein av personane som blir følgt tett i året som har gått etter Lærdalsbrannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser