Hopp til innhold

Ingeborg har ni prosent kropsfeitt - og mindre skal det bli

Med eit tre månaders knallhardt trenings- og diettprogram, gjer Ingeborg Sol Fure (33) seg klar for helgas bodyfitnesskonkurranse. Eit regime ernæringsekspertar frårår på det sterkaste.

Ingeborg Sol Fure

GALSKAP: - Ja, hadde eg ikkje hatt konkurransen å jobbe mot, så hadde eg sagt at dette er galskap, seier Ingeborg Sol Fure (33) om diett- og treningsprogrammet siste tre månadene.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tobarnsmora frå Førde er klar på det; opplegget hennar fram mot konkurransane er galskap.

Til vanleg går det i variert trening og fjellturar.

– Ja, om ein gjer det eg gjer utan å stille i konkurransar, så er det. Å halde på slik utan mål og meining, er galskap. Men så lenge ein har eit konkret mål, så må ein jo, seier Ingeborg Sol Fure.

– Det er knallhardt

Diett

DIETT: Ingeborg Sol Fure er veldig påpasseleg med kva ho et fram mot konkurransen.

Foto: Privat

Når 33-åringen entrar podiet under laurdagens bodyfitnesskonkurranse i Stavanger, markerer det eit punktum for 12 veker med knallhard diett og treningsprogram.

Få dagar før konkurransen tykkjer ho ni prosent kroppsfeitt er noko for mykje før konkurransen. Normalen plar ligg på 20–25 prosent for kvinner. Siste par dagane skal kroppen tørkast heilt ut.

– Eg er veldig glad i å trene, men ikkje veldig glad i dietten. Det er knallhardt med så lite mat, og så mykje trening. No inntek eg 1.500 kaloriar for dag. Det er langt under det eg forbrenn. Eg ligg godt på underskot, vedgår Sol Fure.

Tørkar ut kroppen

Ingeborg Sol Fure

FØREBUING: Bruningskrem er ein del av bodyfitness-konkurransen.

Foto: Privat

Dei siste månadene har ho lagt ned timevis på å bygge dei ulike muskelgruppene. Kombinert med ei god mengde kondisjonstrening forbrenner ho mykje feitt.

Siste dagane før konkurransen kuttar Sol Fure kondisjonstreninga for å unngå at det legger seg vatn i beina. Saltet blir kutta ut og frå og med fredag sluttar ho å drikke vatn. Etter å ha konsumert åtte liter både onsdag og torsdag.

– Fredag og laurdag skal eg ha i meg mykje karbohydrat, så eg fyller opp musklane og blodårene poppar ut, seier ho.

– Hasardiøst spel

Ernæringsekspert Solfrid Bratland-Sanda er på generelt grunnlag kritisk til bodyfitness som fenomen, og vil sterkt frårå slike strenge kosthaldsregime. I 2010 tok ho doktorgrad på spisevegring.

Solfrid Bratland-Sanda

HASARDIØST: Solfrid Bratland-Sanda er kritisk til bodyfitness-aktiviteten.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for idretts- og friluftslivsfag ved Høgskulen i Telemark. Ho har også skrive boka «Fri! Fysisk aktivitet i behandling av spiseforstyrrelser».

– Eg tenkjer dette er eit ganske hasardiøst spel med eigen kropp. Vil ein ha kropp som er velfungerande til ein er 90 år, så kan det vere dumt å gjere veldig mykje av dette når ein er ung, seier ho.

Kan få store følgjer

Bratland-Sanda presiserer at ho uttaler seg på generelt grunnlag, men seier farane kan vere mange med eit slikt råkøyr:

– Sjølv om tre månader høyrest ut som ei kort tid, så kan ein gjere ganske mykje som kan få store følgjer som er vanskelege å rette opp att og som ein ikkje anar omfanget av, seier ho.

– Du har menstruasjonsforstyrring, hormonforstyrring og det gjer ein del med den psykiske helsa. Ein klussar med forbrenninga, noko som kan henge att veldig lenge etter at ein byrjar å ete normalt att, og gjentekne regimer aukar risikoen for spisevegring, held Bratland-Sanda fram.

– Hjernen består av feitt og når ein for langt ned i feittmasse, så går det utover hugsen. Ein blir meir ukonsentrert, får humørsvingingar og slikt får veit ein ikkje kor raskt vil komme tilbake, seier ho.

Klar over faren

Ingeborg Sol Fure

FERDIG: Så snart konkurransen er over, vender Ingeborg Sol Fure tilbake til sitt vanlege liv og konsumerer det ho har lyst på.

Foto: Privat

At ho utset kroppen sin for ei stor påkjenning gjennom desse tre månadene, er Ingeborg Sol Fure klar over.

Ho er også klar over at det strenge diett- og treningsregimet påverkar henne psykisk.

– Det er fleire tunge, enn bra dagar. Og det reflekterer eg veldig mykje på, og skriv om det på bloggen. Det er knalltøft. Du er konstant sliten og lunta er «innovervendt». Du har rett og slett ikkje energi, og må motivere deg til den minste ting du skal gjere, seier ho.

– Kvifor gjer du det då?

– Det fordi du har bestemt deg for eit mål som du vil gjennomføre. Gleda over å nå målet er så mykje større enn det å skulle gje seg. Det er det som driv meg.

– Eg gjer dette berre for konkurransen, og eg gjer det kontrollert. Eg veit at ting skjer og veit kvifor det skjer. Eg vil legge på meg feitt att etter konkurransen for å få kroppsfunksjonane normale att, seier ho.

Har møtt utøvarar

Førsteamanuensis Bratland-Sanda seier ho har møtt utøvarar frå sporten, men då som pasientar ved avdeling for spisevegring.

– Sjølv om ein hevdar det er kontrollert, så er det ikkje sikkert at dei har den kontrollen som dei opplever at dei har. At dei oppleverer å ha kontroll, betyr ikkje at dei faktisk har kontroll over eit så ekstrem vektreduksjonsregime, seier ho og presiserer at ein del utøvarar likevel ser ut til å halde oppe kroppsfunksjonane sjølv ved ekstremt låg fettprosent.

– Er ikkje gjort studie

Faren for seinskadar aukar dess fleire konkurransar ein jobbar mot.

– Det er ein aktivitet det er knytt litt utfordringar mot. Det er ikkje gjort studiar på korleis helsa blir på sikt blant bodyfitnessutøvarar, men studiar frå andre idrettsgrupper, som turn, rytmisk gymnastikk og vektklasseidrettar, viser at gjentekne vektreduksjonsregimer er veldig uheldig i høve til ulike fysiologiske parameter, men også psykososial helse og utvikling av spisevegring, seier ho.

Vil ikkje oppmode

– Er det mogeleg å kunne vere deltakar i ein slik sport, og få same muskulatur og figur ved meir langsiktig trening?

– Nei, nokre er så skrapa og definert at det skulle mest vere fysiologisk umogeleg for å kvinne. Difor er ikkje dette sunt, og i alle fall ein aktivitet eg ikkje vil oppmode folk om å byrje med, seier Bratland Sanda og avsluttar:

– At folk ynskjer å trene, ete sunt og halde seg i form er bra. Men når det bikkar til det ekstreme, som ved denne aktiviteten, då blir eg uroleg.