Alfred Bjørlo (Foto: Svein Erik Dahl, Samfoto)
Fem personar vart skadde, ei alvorleg, då ein trailer og ein bergingsbil kolliderte like utanfor Bogstunnelen i Vadheim tysdag. Mange yrkessjåførar har i etterkant kalla ulukkesstaden for ei trafikkfelle og kravd at flaskehalsen blir utbetra straks.
Tidlegast i 2006
- Det vil ikkje skje noko før i neste transportplanperiode frå 2006, seier Alfred Bjørlo. Då vil både denne flaskehalsen og mange andre farlege parti på E39 gjennom Sogn og Fjordane bli prioriterte, seier han.