Hopp til innhold

Inga fråsegn frå Vestlandsrådet

Vestlandsrådet finn det ikkje rett å kome med ei fråsegn som protesterer mot tilbodet frå regjeringa i landbruksforhandlingane, det seier leiar for rådet, Jon Aasen. Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd for dei fire vestlandsfylka. Det var representantane frå Sogn og Fjordane som ønskte å få ei slik fråsegn. Aasen seier dei ikkje finn det rett sidan Vestlandsrådet også er sett saman av representantar frå regjeringspartia.