NRK Meny
Normal

Vil ikkje ha folkerøysting i Fjaler

Det blir inga folkerøysting om kommunesamanslåing i Fjaler. I staden skal dei ha spørjeundersøking.

– Kommunestyret i Fjaler har vedteke at dei vil høyre folket. Og då vil vi ha ei ny innbyggjarundersøking.

Det fortel ordførar Gunhild Berge Stang (V) om vedtaket frå eit stort fleirtal i Fjaler kommunestyre måndag ettermiddag. Berre Senterpartiet sine 8 representantar røysta i mot.

– Vi meiner det gjev eit betre og meir representativt bilete av kva folk i Fjaler vil i denne saka.

Går mot straumen

– Dei fleste andre kommunar har vedteke å ha folkeavrøysting. Kvifor vil de ikkje ha det?

– Dei fleste andre kommunar var tidlegare ute å ta denne avgjerda. Dessutan har vi fått meir kunnskap.

– Det med folkeavrøysting høyrest kanskje veldig fint ut. Og det kan gje folk ei sterkare kjensle av å bidra. Men viss målet er å få eit representativt bilete av folkemeininga, vil ei undersøking vere vel så bra.

Kva med ungdommen?

Ho meiner ei folkerøysting vil vere vanskelegare å gjennomføre. Då er dei avhengige av at folk faktisk kjem seg fram til røystelokalet. Fjaler har også mange ungdommar som bur vekke.

– Skal dei få førehandsrøyste? Eller må dei kome heim eins ærend? spør ordføraren retorisk.

– Rådmannen din meinte det verken var naudsynt med undersøking eller avrøysting, sidan folket hadde fått fram sitt syn i den førre undersøkinga. Kvifor var de ueinige med det?

– Ting har skjedd sidan då. Det politiske biletet har endra seg. Då var det HAFS-alternativet og det 10 kommunar store Sunnfjord-alternativet som var aktuelle. Det siste har falt. Vi vil høyre om folket vil at vi skal jobbe for ein rein HAFS-kommune, eller prøve å kople oss til indre Sunnfjord.

– Kor tid kan undersøkinga gjennomførast?

– Det har ikkje vi teke stilling til. Vi vil ikkje at kommunane skal påverke kvarandre. Resultata av undersøkinga i Fjaler må ikkje påverke, eller bli påverka, av andre kommunar sine folkerøystingar, seier ordførar Gunhild Berge Stang.