Hopp til innhold

Inga endring i fråværsreglane

Senterpartiet fekk ikkje med seg Stortinget til å endre fråværsreglane i vidaregåande skule. Partiet ynskte å opne for å la foreldre skrive eigenmelding når elevar vert sjuke og at køyreopplæring skal vere gyldig fråvær. Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har også ynskt dette, men i går vedtok opplæringsutvalet at dei nasjonale retningslinjene skal gjelde også her.