NRK Meny
Normal

Inga avklaring for småkraftverka

Småkrafteigarar som strevar økonomisk må vente lenge på viktige avklaringar.

Småkraftverk

ILLUSTRASJON: Fleire småkraftprodusentar slit med dårleg økonomi og håpar på ei snarleg avklaring om dei får kome med i den grøne sertifikatordninga.

Foto: Eva Sleire / NRK

Nesten eitt år etter at politikarane lova mangt og mykje i valkampen, ventar småkraftprodusentane framleis på tiltaka som kan rette opp blodraude tal i rekneskapen.

180 småkraftprodusentar gjekk glipp av ordninga med grøne sertifikat fordi dei bygde for tidleg, men i valkampen augna dei håp. Høgre lova nemleg å prøve å få dei med i ordninga.

Men no seier politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Elnar Remi Holmen frå Frp, at det ikkje kjem avklaringar før tidlegast mot slutten av neste år.

– Først då vil ein kunne gå gjennom dei problemstillingane ein har opp mot småkraftverka, seier han til NRK.no.

Håpar den nye regjeringa ryddar opp

For det er først hausten 2015 at Sverige og Norge skal møtast for å ta ein gjennomgang av den såkalla elsertifikatordninga. Ei ordning som sikrar småkraftprodusentane ein minstepris for straumen.

Det er dårleg nytt for dei mange småkrafteigarane som bygde ut før 2009. Dei hadde trudd dei skulle komme med i ordninga, men opplevde at dei hadde bygd for tidleg.

Med låge straumprisar og høg gjeld er det no mange av desse som strevar økonomisk. Mange ventar i spenning på om Høgre og Bjørn Lødemel held lovnaden om å ordne opp.

Ein av dei er Leidulf Bogstad som driv Årdal Kraft i Gloppen, eit småkraftverk som har hatt raude tal i to år.

– Vi håpar jo i det lengste at det skal skje noko, for kraftprisane er svært låge no og mange slit for å få det til å gå rundt.

– Så langt har vi ikkje høyrt noko, og vi er skuffa over manglande signal, sa han til NRK.no sist veke.

– Tidlegast ved utgangen av 2015

Men signala han no får er ikkje dei småkrafteigarane hadde håpa på. Regjeringa kan nemleg ikkje love noko avklaring på lenge.

– Vi ønskjer å køyre felles utgreiingar og drøftingar mellom Norge og Sverige for å sjå på behovet for å endre og justere regelverket for elsertifikat, seier politisk rådgjevar Elnar Remi Holmen i Olje- og energidepartementet.

– Har de då tenkt å ta opp med dei om det er mogleg å innlemme dei produsentane som ikkje kom med i ordninga fordi dei bygde for tidleg?

– Det skal gjennomførast ein kontrollstasjon innan utgangen av 2015, og då må ein sjå på dette i etterkant av det, seier han.