Ordførar Kjartan Longva har i heile dag site i møter med eigarane av Fundo og representantar for bankane og Norsk Hydro og prøvd å forhandle fram ei løysing.
Han seier at det no blir arbeidd med nye løysingar, og at arbeidet vil fortsetje i helga. Han ventar ikkje noka løysing før mandag.