Hopp til innhold

Ineffektivitet uroar ikkje Sogndal-trenaren

Sogndal var betre enn FKH i store delar av treningskampen i Vestlandshallen. – Då er det surt å tape 0-3, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke på benken

TRENAR: Trenar Eirik Bakke reknar med at både Martin Ramsland og Kristian Fardal Opseth vil levere måla når det står om poeng for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

For Sogndal skapte store sjansar gjennom heile kampen, men makta ikkje utnytte desse.

Det gjorde derimot FKHs Alexander Stølås før pause. Og Alexander Clement Udeh Godday etter pause.

– Positivt at vi skaper mykje sjansar, men vi må setje dei. Likevel er ikkje dette noko som uroar meg. Vi veit at både Kristian (Fardal Opseth) og Martin (Ramsland) har scora mykje mål før. Og det vil dei gjere igjen så lenge vi produserer mykje sjansar, seier trenar Eirik Bakke.

Forsvarsfeil

– Scorar ein mykje på trening, så scorar ein mykje på kamp. Det handlar om å finne tilbake til den, legg han til.

Bakke meiner Sogndal var det beste i store delar av kampen. Det er også det positive han vel å fokusere på. Sogndal fekk ei scoring avblåst for offside.

– Det var veldig bra framover, men dertil dårleg bakover i periodar. Vi gjer eitt par feil i forsvar og det blir du straffa for i Tippeligaen. Vi får to billege baklengsmål i andre omgang, seier han.

Ingen skadar

Bakke løftar fram nemnde Ramsland og meiner kampen mot FKH var hans beste så langt. Han ventar å sjå endå meir av spissen.

– Han jobbar hardt på topp, og er god i press når vi står høgt. I tillegg var det viktig at Rune Bolseth fekk 60 minuttar att, at Jukka Raitala fekk starte på venstreback og at Ole Amund Sveen fekk 45 minuttar, seier han.

– Og så fekk vi ingen nye skadar, held Bakke fram.

Til La Manga

Sogndal reiser no til La Manga der dei skal møte Sandefjord og Tromsø. Desse kampane får ikkje skadde Mahatma Otoo og Victor Grodås medverke i.

– Det blir to viktige kampar. Då har vi tre att før serien startar, så vi nærmar oss. Eg byrjar å sjå konturane, men samstundes avheng eg av at vi har ein heil tropp som er vil gjere ein jobb, seier han.

Laget: Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Jukka Raitala – Ole Amund Sveen, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Simen Brekkhus–Martin Ramsland, Kristian Fardal Opseth

Benken: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Christophe Psyché, Eirik Birkelund, Fredrik Flo, Kristoffer Ryland og Ruben Holsæter