Hopp til innhold

Industrikommunar kan tape store inntekter

Industrikommunane kan bli hardt råka av eit nytt skatteframlegg frå regjeringa. Industrikommunen Årdal vil åleine tape mellom 20 og 60 millionar kroner årleg, fryktar Senterpartiet.

Hydro Aluminium i Årdal

MILLIONINNTEKTER: Årdal kommune får kvart år inn om lag 60 millionar kroner frå eigedomsskatt på m.a. Hydro sine installasjonar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Ein kan sjølv tenke seg kva det vil få å seie for tenestene til innbyggjarane, og kva kutt som eventuelt må gjerast, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Liv Signe Navarsete

– STATEN BLIR VINNAREN: Regjeringa lovar skattelette til næringslivet. I realiteten vil dei gi litt til næringslivet, mens mesteparten blir overført frå kommunar til staten, åtvarer Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Industrikommunane kan gå på ein økonomisk stjernesmell som følgje av eit skatteframlegg frå regjeringa.

Lokale inntekter frå storkonserna

Finansdepartementet har lagt ut på høyring eit forslag om fritak for eigedomsskatt på produksjonsutstyr- og installasjonar. Regjeringa har heilt sidan starten lova å ta bort eigedomskatten på maskiner.

I kommunar som Årdal, Høyanger, Bremanger og andre med mykje industri kan endringa bety enorme tap. Eigedomsskatt på bruk og verk er i dag ei betydeleg inntekt for kommunar som husar store industriområde, men der hovudkontor, og dermed også det meste av skatteinngangen, gjerne ligg i Oslo-området.

Alexander Øren Heen (Sp)

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Ordførarkandidat i Årdal, Alexander Øren Heen, trur kommunen hans vil li store tap, dersom Finansdepatementet sitt forslag blir vedtatt.

Foto: Oddvin Aune

– Det vi fryktar er store kutt i kommunen sine inntekter. For Årdal sin del dreier seg om titals millionar, seier ordførarkandidat for Årdal Sp, Alexander Øren Heen.

Kommunen hans hentar i 2015 ut 60 millionar kroner i skatt på verk og bruk.

– Dette er noko vi er veldig uroa for, og som vil ha store konsekvensar for oss.

Høyanger

HØYANGER: Industristaden som markerer 100 årsjubileum i år har i årevis henta store inntekter frå eigedomsskatt på industri- og kraftanlegg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vedgår at kommunane vil tape

Statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dagens eigedomsskatt tynger bedrifter som må betale skatt uavhengig av overskot. Han vedgår likevel at enkelte kommunar med store industrianlegg vil tape stort, særleg dei som har ilandføring av olje og gass.

Paal Bjørnestad

VIL ENDRE SYSTEMET: Statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) og regjeringa har heile tida lova å fjerne eigedomsskatten.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Navarsete minner på si side om at ein stor del av det bedriftene i dag betalar i eigedomsskatt no heller vil gå til statskassa fordi verksemdene vil miste frådrag på skattegrunnlaget til staten.

– Kommunane har i dag inntekter tilsvarande 3 milliardar kroner. Finansdepartementet reknar at 40 prosent av desse skal takast frå kommunane. Sjølv om det høyrest fint ut, går mesteparten går likevel til staten. Næringslivet vil få 300 millionar av desse midlane, resten vil gå frå kommunekassene til staten, påpeiker den tidlegare Sp-leiaren.

Elkem Bremanger, Svelgen

BREMANGER: Eigedomsskattten frå Elkem sitt anlegg i Svelgen er ei kjærkomen innktekt, også i Bremanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil sjå på inntektene – om to år

Bjørnestad i Finansdepartementet seier dei vil sjå endringa av eigedomsskatt i samanheng med endringa av kommunane sitt inntektssystem frå 2017. Eit mål der er at meir av verdiskapinga i bedriftene skal vere att lokalt, noko som regjeringa meiner vil vere meir føreseieleg.

I Årdal håpar Alexander Øren Heen frå Sp håpar at framlegget skal bli stoppa.

– Dette er ei inntekt vi er vande til å leve med, og som vi har bygt opp kommunen sitt tilbod rundt. Det er klart at her er det snakk om store tal, og store konsekvensar for tenestetilbodet til innbyggjarane.