Billy Fredagsvik, hovudtillitsvald ved Hydro i Høyanger og styremedlem i Norsk Hydro, meiner den kraftkrevjande industrien ikkje kan ta rekninga for at kabling av kraftliner fører til dyrare straum.
Vil bruke overskot på naturvern
Kongeriket Noreg som får så store overskot gjennom industrien, både på land og til havs, bør ha råd til å bevare naturen i Noreg, seier Fredagsvik.
Olje -og energiminister Terje Riis Johansen sa tidlegare denne veka at kabling av kraftliner vil auke straumprisen. Men Fredagsvik meiner heller staten må betale.
Skil lag
Billy Fredagsvik og LO-leiar Roar Flåten har stått skuldar ved skuldar i dei fleste kraftsaker, men når det gjeld kabling skil dei lag.
Medan Flåten meiner kraftliner hovudsakleg bør strekkast som luftspenn, meiner Fredagsvik at kabling må til for å skjemme naturen og at staten må ta rekninga.
– Regjeringa tek alt overskotet som kjem frå Statkraft og Statsnett, meiner Fredagsvik.
Han synes overskotet heller burde brukast på å ta vare på naturen i landet.
– Og det bør ikkje gå ut over straumprisane til forbrukarane eller industrien.