Hopp til innhold

Indresogning såg mystisk lys

- Lyset på himmelen var skarpt og blått. Eg har aldri har opplevd noko liknande, fortel Eidar Sønnesyn frå Marifjøra i Luster.

Knut Jørgen Røed Ødegaard
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

- Det har vore uvanleg mange meteorar på Vestlandet i det siste, seier kjendisastrolog Knut Jørgen Røed Ødegaard. Han meiner det er ein meteor indresogningen har sett.

- Eg trur det kan ha vore ein veldig kraftig meteor som har rast over himmelen. Slike har det vore uvanleg mange av på Vestlandshimmelen i det siste. Det skuldast mellom anna det gode veret, fortel Røed Ødegård. 

- Klokka hoppa fram

Men historia til Eidar Sønnesyn stoppar ikkje med lyset. For då han stod opp om morgonen dagen etter, hadde alle klokkene gjort eit hopp på fleire minutt.

- Klokkeradioen slo seg på når den pleier, men eg reagerte på at det var lenger ute i programmet enn vanleg. Då viste det seg at både klokkeradioen og to-tre andre klokker hadde hoppa sju minuttar fram i tid. Det galdt og klokka på komfyren. 

Men her stoppar kunnskapen til Røed Ødegaard.

- Meteorar kan ikkje verke inn på klokkene, så det må nok ha ei anna forklaring, seier han.