Indre Ofredal - ned før sjøen. Slik tek bygningsmiljøet seg ut når du har teke bilturen ned gjennom Ofredalen.
Lite å seie på utsynet mot Fodnes og Mannheller frå sjøbua.
Mølla som i si tid tok imot korn frå store delar av indre Sogn.
Frå stoveglaset ser vi sjøbua og over mot Bergmål på andre sida av fjorden.
Harald Thune med ei vogge som står att på eitt av romma.
På det eldste kjøkenet er det både ein vedkomfyr og ein eldre elektrisk komfyr. Men matstellet med tanke på turistar skal føregå på eit meir moderne utstyrt kjøken.
På det tidlegare postkontoret er det mykje utstyr som er teke vare på. I tillegg er gamle brev og poststempel tekne vare på.
Skilt frå tida då det var rikstelefon i huset ved sjøen.
Eitt av romma som skal leigast ut til overnattingsgjester.
Vassrennene som førde vatn frå Ofredalselvi inn til skovlhjula på mølla og saga.
Sjøbua til høgre er delvis restaurert. Naustet i framgrunnen er ikkje i spesielt god stand.
Mykje av utstyret på saga er intakt.
Ofredalselvi gav saman med skogen grunnlag for velstand i Indre Ofredal.
Stabburet og driftsbygningen høyrer med i det unike bygningsmiljøet i Indre Ofredal.