Hopp til innhold

Indigo Child rocka Spektrum

Bandet Indigo Child spelte i pausen under MGPjr-finalen på laurdag i Oslo Spektrum. Ei uvanleg stor oppleving for alle fem.

Indigo Child ilag med Vilde og Anna

GODT REPRESENTERT. Eid kommune gjorde seg svært synlege i Oslo Spektrum i helga. Her er Indigo Child i lag med MGPjr-vinnarane Vilde og Anna under autografskriving dei seine nattestimar.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Vi har tidlegare spelt på UKM og i sommar var vi med på NRK Sommarlutt. Men ingenting har vore i nærleiken av så gigantisk som dette, seier vokalist Maren Holmgren (19).

Holmgren gjorde, i lag med Johan Espelund (17) på piano, Martha Pavelich (17) på vokal og keyboard, Sunniva Honningsvåg (18) på vokal og Karl Oskar Nyberg (18) på trommer, sin største opptreden nokon sinne på laurdag.

– Vi er berre oss. Indigo Child frå vesle Eid samanlikna med store Noreg. At vi får oppleve dette her er vi evige takksame for, seier Holmgren.

Indigo Child i Spektrum

PAUSENUMMER. Det er første gong Indigo Child står på scena i Oslo Spektrum.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

På laurdagskvelden under MGPjr var dermed Eid kommune godt representert på scena. At både pauseunderhaldninga og vinnarane var frå same staden var litt av ei tilfeldigheit, synest den slitne gjengen som møtte oss i gangen på Radisson Plaza like ved Spektrum.

– Det er heilt vilt, eg føler verkeleg at vi i kveld har vore med på å setje Eid på kartet, kjem det frå Sunniva Honningsvåg og smiler til medvokalist Holmgren.

På grensa til mentalt samanbrot

I tillegg til at dei spelte i pausen fekk trommisen Karl Oskar Nyberg opptre med Madcon seinare i pausen.

– Eg var veldig heldig, det var utruleg kjekt å få ei slik erfaring, seier Nyberg.

Han synest det var stort å vere i Spektrum men at han håper at dei ein gong kan kome tilbake.

– Eg naut det som om det var siste gongen, men vi har sjølvsagt store ambisjonar for framtida, fortel Nyberg.
Om ikkje bandet var overvelda nok frå før med seg sjølve på scena, 350 eidarar i salen og Anna og Vilde som finalistar blei det nesten for mykje for enkelte når vinnarane av MGPjr blei kåra.

Indigo Child på Plaza

SLITNE. Det var ein trøtt men glad gjeng som møtte pressa etter showet var over.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg hadde fullstendig mental breakdown når vi fekk høyre over høgtalarane at Vilde og Anna var årets vinnarar. Det blei rett og slett for mykje av det gode, seier Maren Holmgren.

Dei fem ungdommane ser ikkje vekk ifrå at det kanskje burde bli eit samarbeid i framtida mellom dei og Vilde og Anna.

– Me har sjølvsagt plass til to medlemmar til, kanskje blir det ein ny song med Indigo Child featuring Vilde og Anna? Kven veit? avsluttar Sunniva Honningsvåg.

Fredag 11. november kan du oppleve både Indigo Child, Vilde og Anna på Kulturnatt i Nordfjord som arrangerast av Eid kommune.