Med fiskefeltet rett utanfor veggene satsar Jensen likevel på importere fisk frå Kina for nok ein gong å skape verksemd i dei gamle lokala til Artctic Seafood i Barstadvika. Han er ikkje den fyrste som ser mot Kina, men han går likevel litt mot straumen.
Betre kvalitet
- Det unike er at vi tek inn eit produkt som ikkje er heilt klargjort, slik som røyking. Vi får ein stor handlefridom, og varene vil få ein mykje betre kvalitet på grunn av nye prosessmetodar. Og dette vil gi større lønsemd, seier Jensen.
Jensen er dagleg leiar i selskapet, som han eig i lag med driftssjef Arnt Eide. Alt no har dei finansiert starten som vil skje i løpet av eit par veker. No vil dei også søke om støtte frå kommunen og Innovasjon Norge. Og går det slik dei vonar kan dei tilby nokre særs velkomne arbeidsplassar i Vågsøy kommune.