Hopp til innhold

Imponerte politikarane med miljøvenlege hurtigbåtar

Båtbedrifta Brødrene Aa har bevist at det er fullt mogleg å tene pengar samstundes som dei sparer miljøet.

Tor Øyvin Aa brødrene aa konferanse hyen

GOD EFFEKT: Administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, syner fram dei gode resultata deira, både økonomisk sett og sett frå miljøsida. Bedrifta kan også vise til tidenes beste resultat, med eit overskot på 24 millionar kroner i 2014.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Under klimakonferansen Grøn Transport i Hyen i går, kunne administrerande direktør Tor Øyvin Aa vise til svært god klimaeffekt.

Dei seks hurtigbåtane dei leverte i 2014 stod for ein reduksjon i CO₂-utslepp på 9000 tonn. Det er 10 prosent av det nasjonale, årlege målet for utsleppsreduksjon i bransjane luftfart, sjøfart, fiske og motorreiskapar.

– Vi skapar utsleppsreduksjon ved å byggje lette hurtigbåtar. Det gir veldig store utslag, spesielt på dei strekkene på kysten som er minst driftsøkonomiske. Eit døme er kystekspressen som går mellom Kristiansund og Trondheim. Der er drivstofforbruket redusert med 40 prosent samanlikna med dei eldre båtane, seier Aa.

Har imponert fleire

Aa var ein av fleire som under klimakonferansen i Hyen sette fokus på korleis ein kan gjere transportnæringa meir miljøvenleg. I tillegg var det også innlegg om blant anna elbilar, el-ferjer og bruk av hydrogen i tillegg til batteri. Bak arrangementet stod Olav Klungre i organisasjonen Midtvegen 615. At konferansen vart arrangert i Hyen var ikkje tilfeldig.

– Hyen er ein veldig naturleg plass i og med at vi har Brødrene Aa som har betydd veldig mykje for drivstoffreduksjonen innanfor båtsektoren, seier Klungre.

Marièl Eikeset Koren

SYKLA TIL KONFERANSEN: Marièl Eikeset Koren i Miljøpartiet dei grøne i Gloppen, valde å sykle dei fire mila frå Sandane til Hyen i høve emnet på konferansen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Og fleire let seg imponere av den lokale bedrifta. Ein av dei var førstekandidat for KrF i fylket, Trude Brosvik. Saman med fleire andre fylkes- og kommunepolitikarar, var ho til stades for å høyre på innlegga, og deretter delta i debatt.

– Det er vanvitig bra. Det er heilt suverent, altså. Eg var faktisk ikkje klar over at talet var så høgt, seier Brosvik.

Vil sjå nærare på bruk av hydrogen

Elisabeth Kjerstad Bøe klimakoordinator fylkeskommunen

HYDROGEN: Klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Elisabeth Kjerstad Bøe, presenterte deira prosjekt om hydrogen som energiberar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Bygging av lette båtar og bruk av elektriske framkomstmiddel er blitt meir og meir vanleg, og blei snakka mykje om under konferansen. Men hydrogen kan også bli viktig for å redusere utslepp, sa klimakoordinator i Fylkeskommunen, Elisabeth Kjerstad Bøe. Dei er no i gang med å sjå på moglegheitene for hydrogenprosjekt i bedrifter i fylket.

– Vi har med oss bedrifter i ei kartlegging,som ikkje nødvendigvis har konkrete planar, men som tek for seg emnet og som ønskjer å sjå om eksisterande teknologi kan bli brukt på kommersiell basis.

Brødrene Aa har sjølv delteke i eit hydrogenprosjekt, og Tor Øyvin Aa meiner det er eit spennande felt, men førebels er det for mange utfordringar til at dei vil ta det i bruk.

– Viktig å dele erfaringar

Likevel har han planar om å følgje tett med på utviklinga. Aa meiner konferansar som den i Hyen er viktige for at dei og fleire som arbeider med miljøvenlege løysingar, kan dele sine erfaringar og hente inspirasjon frå kvarandre.

– Dette jobbar vi jo med til dagleg og det kan bli ein viktig del av framtida.

Klimakonferanse i Hyen

STOR INTERESSE: Mange stilte spørsmål etter dei ulike presentasjonane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK