Imponerte med norsk rekord i VM

Ine Andersson (Tambarskjelvar) sette ny norsk rekord med 87 kilo i rykk under VM i Thailand. Vektløftaren prøvde seg også på ny norsk rekord med 110 kilo i støt, men glippa og vart ståande med 106 kilo som teljande. Med 193 kg samanlagt, vart det 2. plass i C-pulja i 59-kilosklassen.

Ine Andersson
Foto: Tryggve Duun