Hopp til innhold

Imponerte med «Nøtteknekkaren»

Ingrid Lorentzen er så imponert at ho meiner Opera Nordfjord si framsyning av «Nøtteknekkaren» slår Nasjonalballetten sin til gagns på sjarme.

For første gang byr Opera Nordfjord på ei ekte ballett-forestilling. Bli med på generalprøven.

FRÅ GENERALPRØVA: Det låg mykje arbeid bak framsyninga av Nøtteknekkaren som hadde premiere på Operahuset i Nordfjord torsdag kveld.

Torsdag kveld var det premiere på Tsjaikovskij sin berømte ballett «Nøtteknekkaren» i operahuset på Nordfjordeid som del av 15-årsmarkeringa for Opera Nordfjord. Dette er første gongen operahuset har sett opp ei ballett-framsyning.

Ballettsjef ved Den Norske Opera og Ballett var ein av publikummarane, og ho var frå seg av begeistring over det ho såg.

– Det var ei stor oppleving å få innleie årets Nøtterknekkeren-sesong, litt tidlegare enn vanleg, i Operahuset på Nordfjord. Det var altså ei sjarmbombe av ei framsyning, med fantastiske prestasjonar frå dei aller minste til vaksne folk, og heilt nydeleg koreografert og sett saman, seier Ingrid Lorentzen.

– Gripande

Ingrid Lorentzen

IMPONERT: Ballettsjef ved Den Norske Opera og Ballett, Ingrid Lorentzen, storkoste seg på Operahuset i Nordfjord.

Foto: Erik Berg

Ho hadde ikkje forventa ei framsyning så heilstøypt av inntrykk.

– Det var så gripande. Altså, det var verkeleg ei rørande oppleving å sitje der. Så eg håpar alle finn vegen til Operahuset desse dagane og får litt tidleg julestemning, seier ballettsjefen.

Det Opera Nordfjord har fått til, meiner Lorentzen er ei påminning til alle som driv med operaballett.

– Det å komme frå det eg kallar det andre Operahuset i Norge, det kvite i Bjørvika, og hit til Operahuset i Nordfjord, er ein stor inspirasjon og ei påminning til alle oss vi som driv med dette, om kvifor vi vel å bruke liva våre på nettopp operaballett.

Slår Nasjonalballetten på sjarme

Ballettsjefen er også open for at Nasjonalballetten og Opera Nordfjord kan samarbeide meir i tida framover.

– Vi har ein eigen framsyning av Nøtteknekkeren, men eg sat og tenkte på det at dei ungane var så fine at dei hadde inspirert ungar på ballettskulen i Bjørvika, med sin fantastiske, umiddelbare sjarm. Det hadde vore herleg.

Og sjølv om Nasjonalballetten syner sin versjon av Nøtteknekkaren i midten av desember, betyr ikkje det automatisk at den er betre.

– Då vert det spennande om det kjem nokon hit for å samanlikne Nordfjord sin eigen versjon med Nasjonalballetten sin. Og eg må berre seie med ein gong, at der vi kanskje slår dei på gjennomføring og profesjonalitet, så er deira til dels mykje meir sjarmerande.