Hopp til innhold

Imponerte kronprinsparet

Dei mange designarane i Stryn imponerte kronprinsparet då dei vitja kommunen onsdag.

Kronprinsparet møtte Moods of Norway
Foto: Øyvind Torvund / NRK

På den andre dagen av besøket i Sogn og Fjordane var kronprinsparet innom kommunane Gloppen og Stryn.

Kronprinsparet i Stryn
Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Spent

Klokka 15 kom Kronprinsparet til Innvik. I fabrikklokala til Innvik Sellgren fekk ei rekkje verksemder som har satsa på design vist seg fram. Mellom dei var Moods of Norway. Designar Simen Staalnacke vedgjekk at han var nervøs før møtet med dei kongelege.

- Det er klart det kriblar litt ekstra i magen, men vi får håpe det går bra. Uansett er det utruleg positivt at vi får høve til å fortelje dei kva vi driv med, sa Staalnacke nokre få minutt for kronprinsparet kom.

I løpet av ein knapp halvtime fekk gjestane ei rask innføring i bakgrunnen for at Stryn er ein kommune der mange verksemder har satsa på design. 

Kronprinsparet i Stryn
Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Likte det dei såg

Etter at kronprinsparet hadde forlete fabrikklokala til Innvik Sellgren, kunne Staalnacke konstatere at han var nøgd med besøket.

- Det var veldig kjekt å få prate med dei, og det virka som om dei likte det dei såg. Kronprinsparet hadde ein del spørsmål om produkta våre, så det lovar jo bra, sa han.

Også direktør i Ricco Vero Woman, Kjersti Kvamme trur besøket har mykje å seie.

- Det er klart det betyr ein del når kronprinsparet tek seg tid til å sjå på dei kleda vi har. Samstundes er det mange pressefolk tilstades, og det er jo ikkje akkurat negativt, seier Kvamme. 

Folkefest i regnvêr

Kronprinsparet i Stryn
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Turen for kronprinsparet gjekk vidare til Stryn. På torget i sentrum hadde fleire hundre personar trassa dårleg ver, og møtt fram for å helse på gjestane.

Ein spesielt stor dag vart det for Adrian Nesje og Josefine Gotteberg Egge som sto for blomsteroverrekkinga.

Programmet inneheldt dessutan fleire musikalske innslag.

Tilhøyrarane fekk med seg både trekspelmusikk, song og pianospel, og Arne M. Sølvberg som framførte ein eigen kongeslått på hardingfele.

 

Kronprinsparet i Stryn
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Imponert over kommunen

I talen sin i Stryn sentrum trekte Kronprinsesse Mette-Marit fram det gode designmiljøet i kommunen.

- De viser at ein ikkje treng å halde til i hovudstaden for å kunne ta opp kampen med dei store, sa ho.

Kronprinsessa fortalde at ho gjerne ville komme tilbake som turist ein gang, mellom anna ved å vitje sommarskisenteret.

 - For min eigen del er eg derimot litt skeptisk til fjelløpet som blir arrangert her kvar sommar. Å springe 8,2 kilometer frå Loen - med 1848 meters stigning opp til toppen av fjellet Skåla, er etter mi meining for spesielt interesserte, sa kronprinsessa. 

Kronprinsparet i Stryn
Foto: Øyvind Torvund / NRK