Hopp til innhold

Imponerte i stavhopping

Samtlege stavhopparar frå Svelgen kom heim frå helgas Framo-leikar med nye personlege rekordar.

Ein stolt og nøgd trenar Ingvald Ytrehus med stavhopparane sine.

Ein stolt og nøgd trenar Ingvald Ytrehus (nr. tre frå høgre) med stavhopparane sine.

Foto: Anita Hessvik

Fire av dei hadde også med seg billett til sommarens UM, medan tre er klare for junior-NM.

Best i landet

Daniel Hessvik Holm (16) forbetra sin eigen rekord med 23 centimeter då han i andre forsøk gjekk over 3,86 meter. Med det sletta han klubbrekorden til Tor Inge Øvrebotten Myrhol. Det er også ei klar forbetring av årsbeste på landsstatistikken.

Daniel Hessvik Holm

Daniel Hessvik Holm sette ny personleg rekord, ny klubbrekord og forbetra årsbeste i stav i 16 års-klassa.

Foto: Anita Hessvik

Jamaldringen Pål Valberg persa seg med 28 centimeter, då han gjekk over 3,71 meter. Han hadde også eitt forsøk 3,81. Hessvik Holm og Valberg er no nummer ein og to på landsstatistikken for 16-åringar og er allereie kvalifisert for junior-NM.

15-åringen Magnus Olav Myrhol gjekk over 2,81 meter. Tor-Inge Øvrebotten Myrhol (UM) sitt tellande resultat vart 3,81, men Øvrebotten Myrhol gjekk også over 3,86 i eit ekstraforsøk.

Ole Martin Gjerde (15) gjekk over 2,61 og kvalifiserte seg med det til UM.