Hopp til innhold

Slik har veslebror Bø overraska eksperten

NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde hadde relativt store forventningar til Johannes Thingnes Bø før årets sesong. Men 20-åringen har overraska mange, inkludert Lunde.

Johannes Thingnes Bø

STERK: Johannes Thingnes Bø blir trekt fram som både sterk i sporet og på standplass av NRK sin ekspertkommentator.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det har vore ein fantastisk sesong for Johannes. Han er berre 20 år og har vunne fem verdscupsigrar... Det er heilt utruleg det han har gjort, seier Lunde på telefon frå Holmenkollen.

For med tre strake verdscupsigrar på rappen sist helg klatra ungguten frå Stryn for alvor inn i toppen av verdscupsirkuset. Med sine fem sigrar er han den med flest verdscupsigrar av alle denne sesongen.

Det hadde nok ikkje mange trudd på førehand, inkludert Ola Lunde.

– At han skulle ta fem verdscupsigrar, det hadde eg ikkje trudd, seier Lunde til NRK.no.

Har vist seg fram

For litt over eitt år sidan fekk veslebror Bø sin individuelle debut i verdscupen. Det skjedde i Holmenkollen der Johannes skaut feilfritt på liggande og hadde ein strafferunde på ståande skyting under sprinten.

Sidan har det gått slag i slag for ungguten frå Markane IL. Nesten bokstavleg talt. I mai mista den unge skiskyttaren kontrollen på sykkelen sin under ein treningstur, og tok salto over styret før han landa på høgre skulder.

Sesongoppkøyringa vart dermed utsett i fleire veker, men stryningen har ikkje sett ut til å la seg plage nemneverdig. Under OL i Sotsji viste han seg fram i fleire renn, og under både fellestarten og normaldistansen var han nest best av dei norske.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ola Lunde

IMPONERT: Ola Lunde er svært imponert over det Johannes Thingnes Bø har fått til i løpet av årets sesong.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

– Overgår alt eg trudde

NRK sin ekspertkommentator i skiskyting, Ola Lunde, kunne ikkje unngå å legge merke til det 20-åringen presterte under dei olympiske leikane.

– Han gjorde mange gode løp i OL, seier han til NRK.no.

Lunde legg ikkje skjul på at han hadde forventingar til veslebror Bø før sesongen, men fem verdscupsigrar er likevel langt meir.

– Eg hadde trudd han skulle vere oppi der, og kanskje på pallen ein gong eller to. Det trudde eg han kunne klare. Men det han har gjort i år overgår alt eg trudde var mogleg for ein 20-åring.

– Ein sterk utøvar

Lunde har følgt norsk og internasjonal skiskyting i ei årrekkje, og meiner den unge stryningen har fleire av dei sentrale kvalitetane som må til for å bli blant dei aller, aller beste.

– Han har alle kvalitetane som må til i skiskyting. Han har ein fantastisk motor, og er utruleg rask på ski. Han er ein god og rask skyttar, og med alt dette på plass er du veldig, veldig solid, seier han.

Med berre 20 år på baken er Johannes Thingnes Bø berre halvparten så gammal som sin eldre kollega, Ole Einar Bjørndalen (40). Om veslebror Bø spelar sine kort rett kan han dermed ha mange gode år føre seg i verdscupsirkuset.

– Han må sørge for å trene bra i åra framover og utvikle seg vidare. Han kan gå endå fortare på ski, så neste år, med god trening, vil han minst kunne vere på nivå med Martin Fourcade i løypa. Og samtidig vere meir stabil på standplass, seier Lunde.

Ligg an til andreplass

Med 560 poeng ligg Thingnes Bø før dei siste renna på andre plass i verdscupen. Martin Fourcade leiar suverent med 798 poeng, men med gode løp i helga kan veslebror Bø sikre seg andreplassen. Emil Hegle Svendsen ligg nett no på tredjeplass med 557 poeng.

Torsdag ettermiddag er det duka for sprintkonkurransen i Holmenkollen, medan det laurdag er jaktstart og søndag fellesstart. Kommentator Ola Lunde har høge forventningar til kva Johannes Thingnes Bø kan klare.

– Kva trur du om sjansane hans i dag?

– Eg trur dei er veldig gode, Johannes er i solid langrennsform. Han skaut veldig bra, bortsett frå på den siste ståande under veldig vanskelege forhold på jaktstarten i Kontiolahti... Så han er absolutt toppfavoritt på alle løpa i Holmenkollen.

Om Lunde skal tippe på plassering på dagens sprint, så er svaret:

– Topp tre.