Hopp til innhold

Innbyggjarane i Solund viser stor omtanke for dei pårørande

I heile dag har lokalbefolkninga leita etter sine to innbyggjarar som er sakna på sjøen sidan onsdag. Lensmann i Solund, Ivar Holmås, rosar innbyggjarane for omtanken dei syner for dei pårørande ved å leite.

KV Barentshav

OMSORG FOR SINE: Mange av innbyggjarane i Solund har erfaring med leiteaksjonar på sjøen. - Det viser innsatsen i leitinga, seier lensmann Ivar Holmås. Kystvakta har vore sentral i leitinga i fleire dagar, men i dag har lokalbefolkninga tatt eige initiativ til å organisere leitinga.

Foto: Frode Urke

I Solund er to av innbyggjarane sakna sinan onsdag då dei to mennene melde frå at båten deira tok inn vatn.

Frå i dag har lokalbefolkninga sjølv organisert leitinga. I dag har også redningsselskapet delteke i søket.

(Saka held fram under biletet)

Funn frå Solund

VRAKRESTAR: Det er gjort fleire funn frå båten til dei to mennene som er sakna.

Foto: Politiet

Stort lokalt engasjement

– Det har vore mange båtar i aksjon også i dag, fortel lensmann Ivar Holmås som er imponert over engasjementetet til sambygdingane i Solund.

Kystvakta har delteke i søket sidan onsdag og styrt leitinga slik at dei andre involverte har rapportert til dei. Men i går kveld måtte kystvakta forlate Solund.

– Lokalbefolkninga har vore med heile tida så dei veit korleis dei skal organisere leitinga og dei tar initiativ. Er det noko å melde så gir dei beskjed.

I går tok lensmannen initiativ til å samla bygda i barnehagen i Ytterøygrend for å informere om kva som har skjedd i leiteaksjonen og kva som er planen vidare.

(Saka held fram under biletet)

KV Barentshav

HAR ORGANISERT LEITINGA: Kystvakta har vore viktig i leitinga i Solund. Innbyggjarane har fått viktig erfaring for vidare leiting.

Foto: Frode Urke

Omsorg for kvarandre

– Vegen vidare er å finne dei to sakna. Tida vi har no er er til å vise omsorg for dei pårørande. Omsorg viser innbyggjarane per i dag best med å prøve å finne dei to.

– Mange i Solund har opplevingar som gjer at dei veit kor viktig dette er. Det viser innsatsen, seier Holmås.

Om få timar skal dagens leiting avsluttast.