ILA-smitta laks. Arkivfoto NRK
Sjukdommen vil snart bli rekna som mindre farleg, trur Pedersen. Pedersen, som er leiar for oppdrettsgruppa i Norske Sjømatbedrifters landsforening seier dei har fått tydelege signal frå EU om at dei godtek ei nedklassifisering av laksesjukdommen ILA frå alvorlegaste sjukdomsgruppe til gruppe nummer to.
Elin Tveit Sveen. Arkivfoto NRK
Store konsekvensar ved ILA
- Slik det er idag blir det straks sett i verk tvangstiltak ved påvising av ILA. Det seier nestleiar i Vestnorsk Havbrukslag, Elin Tveit Sveen. Ho seier konsekvensane idag er store dersom ILA blir påvist i hennar anlegg. Når det i tillegg ikkje er lov å bruke lokaliteten til oppdrett i lang tid etter at all fisk er slakta ut, er resultatet idag ofte milliontap for oppdrettarane.
ILA mindre dødeleg
Leif Rune Pedersen seier at nyare forsking er årsaka til at sjukdomen no ser ut til å bli rekna som mindre farleg. Denne forskinga viser at sjukdommen er mindre dødeleg, og smittefaren er mindre enn frykta ved ILA. Slik han ser det har faktisk dei strenge tiltaka verka mot si hensikt.