Negård trur årsaka til at det ikkje har vore utbrot i Sogn og Fjordane den siste tida er at næringa forstod alvoret då ILA, eller infeksiøs lakseanemi, herja i Nordfjord og store fjordområder i Gulen. Store mengder fisk måtte slaktast ned, og fjordområda vart bandlagde i fleire år.
- Alvorleg vekkar
Eit ILA-utbrot ville vore katastrofe etter at dårlege prisar har tært hardt på næringa. Nergård seier dei siste utbrota var ein alvorleg vekkar for næringa, og åtvarer oppdrettarane mot å ta lettare på førebyggjande tiltak for å spare pengar.