Hopp til innhold

Gir seg etter over 20 år på ikoniske Kråkenes fyr – no må nye krefter til

På landets mest vêrharde plass har Bettina og Thomas drive Kråkenes fyr i over tjue år. No gir dei seg, og Kystverket søker ny leigetakar. – Det må vere ein som maktar å stå i nordavind og ta i ein målingskost, seier dei to.

Kråkenes fyr i storm

TETT PÅ NATUREN: Det er intenst å drive Kråkenes, seier Thomas og Bettina Bickhardt. Vêret tek aldri slutt og gjer stadig mektige opplevingar.

Foto: Merete Høidal / NRK

Det var naturen og lyset som drog Thomas og Bettina Bickhardt frå Tyskland til Vågsøy. Lite visste dei kva for ein turistattraksjon dei skulle skape.

– Eg trengde berre eit anlegg eg kunne bruke i jobben min som organisasjonspsykolog, men etter kvart kom det så mykje folk at det var ikkje plass til den jobben. Vi blei nok kanskje litt for gode på marknadsføring, seier Thomas.

Bettina tok ansvaret for den daglege drifta, medan Thomas har heldt på med vedlikehaldet. Og det har vore eit uendeleg prosjekt.

– Eg kjem til å sakne kvardagen og stemninga på Kråkenes, men aller minst vil eg sakne kjensla av å aldri strekke til. Ein blir aldri ferdig, det er alltid noko ein skulle gjort der, seier han.

Må brenne for det

Når det no søkast etter ny leigetakar, må det vere nokon som er glade i å ta i eit tak. For det er ikkje berre enkelt å drive eit fyr ute på Kråkenes.

– Det har vore krevjande til tider. Frykta for skader etter ein storm, den kjem eg ikkje til å sakne. Den som tek over her må klare å stå i nordavind og ta i ein målingskost, og ikkje bli overraska om vatnet frys, seier Bettina.

Bettina Vick Bickhardt

VENT SEG TIL VIND: Bettina Vick Bickhardt elskar å vere ved havet og kjenne vinden i ansiktet. Det har ho fått mykje av dei siste 21 åra på Kråkenes fyr.

Foto: Thomas Bickhardt / Bickfoto

Dessutan må dei vere førebudde på gjestar som kjem frå heile verda – til alle døgnets tider.

– Viss ein seier ja til å drive Kråkenes, seier ein ja til å bruke heile seg, uansett tid på døgnet. Også må ein bruke litt fantasi og kreativitet for å få ting til å fungere. Det var nok det eg syntest var spennande – å kunne fylle huset med innhald. Her har det vore både kafé, konsertar, bryllaup og konfirmasjon. Det er heilt fantastisk, seier Bettina.

Tett på naturkreftene

Dei har fått mange og mektige opplevingar sidan dei kom. Thomas først i 1994, Bettina fire år seinare.

– Dei naturopplevingane ein får her er ubeskrivelege. Å kunne dele det med gjestane, har vore veldig gjevande for meg. Det kjem eg til å sakne, seier Bettina.

Det er eit livsverk dei no gir frå seg, men etter så mange år er tida inne for forandring, meiner dei to.

– Om det ikkje skulle vere trist, så har det gått for lenge. Det er rette tidspunktet no, ein må gå vidare og la nokon andre ta vare på fyret, seier Thomas.

Kråkenes fyr

EI PERLE: – Kråkenes fyr er ei internasjonal perle, men det ber med seg masse ansvar, seier Thomas Bickhardt, som har drive det i 25 år.