Hopp til innhold

Ikkje vanleg å undersøke metallet i draget på vogntogtilhengarar

Tankvogna som i sommar krasja og eksploderte i Skatestraumtunnelen var EU-godkjend i april i år, men styrken i metallet på draget mellom trekkvogna og hengaren vart ikkje kontrollert.

Utbrend tankbilvogn

KUN VISUELL KONTROLL: Tilhengjaren som losna og eksploderte i Skatestraumtunnelen var 18 år gammal. Kontrollen av slike hengjarar er berre visuelle, metallstyrken vert ikkje målt.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Det er ikkje vanleg praksis, fortel Tron Ersvik, seniorinspektør i Statens vegvesen.

– Vi har ingen kontroll, utover den visuelle, seier han.

Ønskjer betre kontrollar

Det var den 15. juli i år at ei tankvogn med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger. Draget mellom trekkvogna og tankvogna hadde losna og det vart ein voldsom eksplosjon. 15 personar vart berga ut av tunnelen, fleire av dei i siste liten.

Audun Heggestad

ØNSKJER STRENGARE KONTROLLAR: Leiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, Audun Heggestad, meiner det er viktig å finne årsaka til at draget rauk, slik at ein kan ta lærdom og eventuelt forbetre seg.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Leiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, Audun Heggestad, seier det er avgjerande at draget mellom trekkvogn og hengar er sterkt nok. Difor ønskjer han betre kontrollar og analysar av metallstyrken i desse velkomen.

– Det er betre å kontrollere for mykje, enn for lite, seier han.

Slik går kontrollen føre seg

Tron Ersvik i Statens vegvesen fortel at kontrollen av tilhengjardraga går føre seg på denne måten:

– Den er basert på ein visuell kontroll, der vi kikkar på slitasje og skadar, og at tryggingsutstyret som er knytt til draget er til stades. Det er òg maksimumsverdiar for kor stor slitasje det skal vere, seier han.

Slitasjen blir målt ved at tolk, ein gjenstand som tilsvarar maksimumsgrensa for slitasje, blir testa mot auget på draget.

– Viss vi ikkje får tolken ned i draget, så er slitasjen mindre enn det som er tillate. Viss den går ned i draget, så er slitasjen større enn det som er tillate. Då må draget skiftast, seier Ersvik.

Han meiner den visuelle kontrollen er tilstrekkeleg og påpeiker at den er i tråd med retningslinjene til EU. Eventuelle gjennomlysingar og analysar av metallet i draga har han i utgangspunktet ikkje tru på.

– Eg trur ikkje du vil oppfatte så mykje meir enn du gjer i ein visuell kontroll. Det skal litt skadar til på eit slik drag før det blir såpass svekka at det er fare for at det skal gå av. Og det vil du mest truleg sjå visuelt, seier han.

Skadar etter brannen i Skatestraumtunnelen

STORE SKADAR: Skadane etter brannen er omfattande og det vil koste 50 millionar å setje den i stand att.

Foto: Flora brannvesen

– Viktig å ta lærdom

– Hengaren var til EU-kontroll i mai, kva tenkjer du om det?

– Ikkje anna enn at den var godkjent. Vi veit jo ikkje årsaka til at ulukka skjedde. Og det kan òg ha skjedd ting i ettertid av den kontrollen, seier Ersvik.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner det er viktig å finne årsaka til at draget rauk, slik at ein kan ta lærdom og eventuelt forbetre seg.

– Draga er ei viktig konstruksjon mellom bilen og hengaren. Og vi ser konsekvensane viss den ryk. No ser vi fram til å sjå resultata frå Statens Havarikommisjon, seier han.