Ikkje utvida kontroll i Førde

Mattilsynet har ikkje utvida kontrollen ved Gilde Vest i Førde.

Gilde Vest sitt slakteri i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

Førde-anlegget er ein av dei største råvareleverandørane til den E.coli-råka spekematproduksjonen i Sogndal. Men ei veke etter E.coli-avsløringa i Sogn er kontrollen i Førde ikkje auka. 

 - Kontrollen er som vanleg - det vil seie på eit høgt nivå, seier distriktssjef i Mattilsynet, Rune Myklatun.

Snart ei veke

Det var måndag sist veke E.coli-mistanken vart retta mot spekematproduksjonen ved Gilde si dotterverksemd Terina i Sogndal. Og onsdag vart mistanken stadfesta, altså for nesten ei veke sidan.

Venta omfattande granskingar

Gilde Vest i Førde er storleverandør av storfekjøt og sauekjøt til spekematproduksjonen i Sogndal. Og driftssjef Jakob Sætre ved Gilde i Førde sa for ei veke sidan at dei venta snarlege omfattande granskingar av Mattilsynet. Men dette er framleis ikkje gjort.

Må fylgje direktiv frå Mattilsynet

- Grunnen til at det ikkje er sett i verk spesielle tiltak er at Mattilsynet driv med ei sentral sporing av e.coli-bakterien, og vi har ikkje fått beskjed om å sette i verk meir omfattande tiltak i Førde, seier Myklatun. - Vi kan ikkje sette i gang slikt utan direktiv frå Mattilsynet sentralt, det er viktig at vi fylgjer beskjedane vi får derifrå, fordi dei har kontrolloen over kvar kjøtet kjem frå. Førde er på lik linje med andre råvareleverandørar til Terina i Sogndal, og vi ventar til vi får beskjed om åeventuelt sette i verk tiltak, seier dirstriktssjef Rune Myklatun.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.