Arkivfoto NRK
- Utbetring her blir uforholdsmessig dyrt. Det er ikkje berre høgda som er problemet, dei er og for smale, seier Ranes. - Dermed blir det eit temmeleg omfattande arbeid. Eg går ut frå at vi må ta ein samla vurdering av heile strekninga, om det er rett å bruke så mykje pengar på å utvide desse tunnelane.
Mange trassar forbodet
Det er dei nye vogntoga på over fire meters høgde som ikkje på lovleg vis kan passere gjennom tunnelane mellom anna på riksveg 15. Mange transportørar trassar forbodet for å hevde seg i konkurransen med andre transportørar som nyttar moderne bilar.
Ikkje planar for Strynefjellet
Tunnelane på Strynefjellet har vore tema i fleire år. Men vegvesenet har ikkje planar om å utbetre dei, trass i at slikt arbeid føregår i andre fylke, mellom anna over Haukelifjell og på E16 mellom Bergen og Voss. - Der er trafikken såpass stor, og andelen tyngre køyrety er høg at det har tvinga seg fram,seier Guro Ranes.
- Arbeid vil skape problem
Guro Ranes peikar på at det ikkje vil vere uproblematisk for transportørane dersom eit stort tunnelarbeid vart sett i gang på fleire stamvegar. - Det betyr at tunnelane må stengjast i lange periodar. På E16 mellom Bergen og Voss er tunnelane nattestengde, slik at tungtransporten må ta ein lang omveg om Hardanger, seier Guro Ranes.