Hopp til innhold

Ikkje stor fengselutviding i Vik

Utvidinga av fengselet i Vik til 28 soningsplassar blir utsett.

Vik fengsel
Foto: NRK

Kriminalomsorgen region vest hadde håpa at Regjeringa i revidert nasjonalbusjett ville løyve ekstra pengar til fengselet. Det skjedde ikkje, og dermed blir det berre 14 nye plassar i Vik i denne omgangen.

- Blir dyrare å vente

Regiondirektør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen region vest meinte det ville løne seg å byggje to etasjar i staden for ein når ein likevel skulle byggje nytt i Vik. Det har Regjeringa har sagt nei til, og dermed blir utvidinga av fengselet berre halvparten så stor som det den kunne ho vore. No satsar Våge på at Regjeringa i statsbudsjettet til hausten løyver meir pengar til Vik. Våge trur pengane kjem då, men dermed blir det dyrare å byggje, seier han.

- For no er maskinane og anleggsarbeidarane i gang med arbeidet denne veka, og det hadde vore enkelt å byggje på ein etasje til i same slengen. Dette er alle aktørane oppover i systemet klare over, men dei har valt å ikkje ta omsyn til det, så då får vi avfinne oss med at prisen blir noko høgare. Men uansett får vi billege, lukka plassar i Vik.

90 nye plassar i Bergen

Sjølv om Vik ikkje får utvida soningskapasiteten med meir enn fjorten celler, er Per Sigurd Våge likevel nøgd med Regjeringa si satsing. Bergen er nemleg tiltenkt 90 nye plassar neste år, noko som vil redusere ventetida også for dei i Sogn og Fjordane som skal inn til soning, seier han.

- Det viktigaste for oss har vore å få bygd ned soningskøen, og det trur eg og sogningane vil glede seg over, seier Våge.