NRK Meny
Normal

Ikkje stolt av å vere beste norske

På ein dårleg norsk dag i skiflygingsbakken i Kulm vart Anders Fannemel beste norske på 20. plass. Det er ikkje noko han jublar for.

Anders Fannemel

BESTE NORDMANN: Anders Fannemel gler seg ikkje over at han vart beste nordmann i Kulm laurdag. Til det er resultatet for dårleg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Det er ikkje noko kjekt å vere beste nordmann når du kjem på 20. plass, seier Fannemel til NRK.no.

Han er ikkje nøgd med si eiga hopping som tok han ned til 176 meter i første omgang, og 175.5 meter i andre omgang.

– Eg synst eg hoppa ganske dårleg, og er skuffa over meg sjølv, seier han.

Skuldar berre på seg sjølv

Dei aller beste norske deltok ikkje i skiflygingsrennet i Kulm i dag, og dei norske gutane som var med i finaleomgangen kunne ikkje sørge for noko norsk jubeldag. Fannemel vart som sagt beste nordmann på 20. plass, medan Rune Velta hoppa seg inn til ein 26. plass.

Rennet blir truleg aller best huska for at 41-åringen Noriaki Kasai stakk av med sigeren. Dermed vart han den eldste hopparen som har vunne eit verdscuprenn gjennom tidene.

Anders Fannemel ser ingen grunn til å gle seg over resultatet.

– Eg håpar Norge som nasjon skal gjere det best mogleg, og då er ikkje 20. plass bra nok.

– Kva er det som går gale for deg i dag?

– Eg blir trykt litt for mykje saman i satsen, og då sklir eg berre gjennom på hoppet. Det klarar eg ikkje fly på, og då blir det for dårleg, seier han og vil ikkje skulde på forholda.

– Eg har berre meg sjølv å skulde på. Eg klarar ikkje takle bakken enno, seier honndølen.

(Artikkelen held fram under)

Morgenstern

STYGT FALL: Thomas Morgenstern ramla og slo seg stygt i kvalifiseringsrennet i Kulm fredag.

Foto: EXPA/ ERICH AUER / Epa

Ikkje prega av Morgenstern sitt fall

Fredag ramla hoppstjerna Thomas Morgenstern svært stygt i skiflygingsbakken i Kulm. 27-åringen fekk hovudskadar og ei punktert lunge, men laurdag melder austerrikske aviser at tilstanden til hopparen har blitt betre.

– Det såg ikkje bra ut i det heile teke. Det er synd slike ting skjer, men vi driv ein sport der det er risiko for at slike ting kan skje, seier Fannemel.

Han seier uhellet i går ikkje prega han under dagens renn.

– Eg vil ikkje seie eg er prega av det, vi er klare over risikoen og har det i tankane. Men når vi er på bommen må vi ha fokus på hoppinga og stole på at det går bra, seier Fannemel.

Vil ned mot bakkelengde søndag

Gregor Schlierenzauer har bakkerekorden i Kulm på 215,5 meter. Så langt trur ikkje Fannemel han greier strekkje seg i morgon, men lenger enn 176 meter må det bli.

– No skal eg sjå litt på teknikk, og prøve finne ut korleis eg kan hoppe betre i morgon.

– Eg håpar å få til bra skihopp, så får vi sjå kva det held til. Kanskje ned mot bakkestorleiken på rundt 200 meter, seier Fannemel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.