Kommunestyret i Askvoll avgjorde med 12 mot 11 stemmer å ikkje gå for nedlegging. Kommunen ville spart om lag 1,6 millionar kroner på å legge ned dei to skulane.
- Smertefulle kutt
- No må desse pengane sparast gjennom smertefulle kutt i andre etatar, seier ordførar Aud Kari Steinsland, som sjølv gjekk inn for nedlegging. Men det var ikkje klare partigrenser for avstemminga.