Hopp til innhold

Ikkje semje om vegar i Nordfjord

Stryn vil ha Gloppen med på å planlegge bru i indre, men ordføraren i Gloppen vil bruke pengane på bru Lote-Anda.

Anders Ryssdal og Sven Flo

IKKJE SAMDE: Ordførar i Stryn, Sven Flo (t.h.) frir til Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) i vegspørsmål, men Ryssdal er lunken til forslaget. Her er dei to saman på eit møte der han igjen føreslo samarbeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I sommar vart det bestemt at E39 skal flyttast til indre trasé med bru i Stryn kommune, men i haust kom det ingen løyvingar på statsbudsjettet til å planlegge vegen. Derimot har regjeringa lagt pengar på bordet til planlegging av fjordkryssingar både nord og sør for Sogn og Fjordane.

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), er uroa og vil ha fortgang i arbeidet.

– Det har stoppa litt opp. Det går litt tregt inne i Oslo med å få avklaringar på planprosess og oppstart, seier han.

Vil ha samarbeid i Nordfjord

I går hadde Flo sjarmoffensiv mot tidlegare politiske motstandarar i E39 saka.

Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal var invitert til vegmøte i Stryn. Målet er å få Gloppen med på eit felles planprogram for strekninga Hornindal-Byrkjelo.

– Det er fatta eit vedtak om kvar traseen skal gå. Vi er tydelege på at det vil vere øydeleggande å stoppe opp, trenere eller diskutere ein omkamp. Eg har absolutt ikkje tru på at det er tilfelle heller. Eg er faktisk veldig positivt innstilt til at vi får til dette, og eg trur det går i den retninga, seier Flo.

Ikkje vill jubel i Gloppen

Men ordførar i Gloppen Anders Ryssdal er lunken til frieriet frå Stryn.

Kommunane Eid og Gloppen skal bruke 1 million til reguleringsplan for bru Anda-Lote, eit prosjekt kommunane jobbar vidare med trass i nederlaget i E39 saka.

– Vi har diskutert i formannskapet, og skal ha eit politisk sak. Vi ser at vi har fleire som har interesser av kommuneplanar, og vi er og engasjerte i ein plan på Anda-Lote. Dette bind oss økonomisk, og det er ein del av spørsmålet formannskapet må ta stilling til.

– Du høyrest litt tilbakehalden ut?

– Ja, eg er litt tilbakehalden. Statsbudsjettet gav ikkje noko svar på Sandane-Byrkjelo, vi fekk 20-minuttsavgangar på Anda-Lote, og vi veit ikkje heilt kvar vi står når det gjeld vegane i Gloppen kommune, seier Ryssdal.

Gir ikkje opp

Men trass i at usemje framleis ulmar, vil Stryn-ordføraren ha semje i samferdslesakene i Nordfjord.

– Vi har stilt oss positive til Byrkjelo-Sandane. Vi har også heile vegen vore positive til tettare avgangar på Anda-Lote. Vi vil gjerne diskutere den totale samanhengen her.

– Er de då også klare til å diskutere rekkefølge: kva som kjem fyrst av Sandane-Byrkjelo og ein tunnel under Utvikfjellet?

– Det viktigaste er at vi får sett oss ned for å diskutere dette og prøve å få framdrift i prosjekta. Det er det viktigaste, seier Sven Flo.