Ikkje seinskader av eksplosjonen

Det er ingen fare for seinskader for folk som har vore sjuke etter eksplosjonen ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson / NRK

Det kom fram på eit møte der Folkehelseinstituttet har gått gjennom helseundersøkingane som er gjort etter eksplosjonen i Sløvåg.

- Så langt vi veit kan plagene forklarast med den veldig sterke lukta av svovelbindingane som har vore sluppet ut og som i periodar har kome ut i område der folk bur, seier underdirektør Jan Alexander i Folkehelseinstituttet.

Kroppen reagerer

Halvparten av innbyggjarane i Sløvåg og i nærområdet har hatt helseplager som følgje av den skarpe lukta som har vore i området. Alexander seier at hendingane i Sløvåg stemmer overreins med det folkehelsa tidlegare har sett av slike stoff.

- Det er ikkje noko folk innbiller seg, det er veldig plagsamt for mange. Det er reaksjonar som kroppen får på så sterke påverknader, seier han.

Er blitt betre

Alexander seier at det ikkje er fare for seinskadar for folk som har vore sjuke etter eksplosjonen.

- Mange av pasientene er blitt betre etterkvart som lukta er blitt vekke. Vi reknar ikkje med så langt vi kan sjå at dette skal kunne medføre seinverknadar, seier han.

Framleis plager

Det var Gulen-ordførar Trude Brosvik som tok initiativ til møtet som fann stad i Eivindvik. Ho fortel at Vest Tank har lova at avfallet skal vere vekke i løpet av veka. Dei skal og ha fått mottakar til alt avfallet. I denne perioden kan innbyggjarane framleis ha plager.

- Det vil framleis ta ein del tid med opprydding på området og då vil det komme lukt. Dei som har hatt problem med dette, kan lett få nye problem når ein byrjar å rote i dette avfallet, seier ho.

Held ope møte

Brosvik er nøgd med dagens møte med Folkehelseinstituttet.

- Vi er samde om at vi i løpet av neste veke skal ha folkemøte på Eidsbotn der SFT, folkehelseinstiuttet og Gulen kommune møter. Her skal innbyggjarane skal få den informasjon dei føler dei treng, seier ho.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.