NRK Meny
Normal

Ikkje samde om buffer mot ynglande jerv

Rovviltnemndene i Sogn og Fjordane og Oppland er samde om å jobbe tettare i lag. Men dei har enno ikkje greidd å bli samde om ei sone utan ynglande jerv i tilknyting til Sogn og Fjordane.

Ikkje einige om buffer mot jerv

IKKJE SAMDE: Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda i Sogn og Fjordane (til venstre) ønskjer å få etablert ein buffer mot ynglande jerv i Oppland, på grensa til Sogn og Fjordane. Kollegaen i Oppland, Ivar Odnes, kan ikkje love noko.

Foto: Montasje / NRK

Rovviltnemndene i dei to regionane har dei siste to dagane vore saman for å diskutere problema jerven har skapt for beitenæringa.

– Sjølv om det har blitt teke ut mykje, er me i begge regionane einige om at det er for mykje jerv i området. Det er urovekkande for beitenæringa, som er svært viktig for oss begge, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland og leiar for rovviltnemnda i Sogn og Fjordane.

Ikkje einige om jervebuffer

Han seier dei no vil jobba saman for å effektivisere lisensjakta, samt presse på sentrale myndigheiter for at rovviltnemnda skal få større innverknad på uttak av jerv.

Men det store stridsspørsmålet står framleis uløyst. I Sogn ønskjer dei at det skal bli oppretta ei sone nær fylkesgrensa der jerven ikkje skal få etablere hi. Dette vil redusere faren for at jerven vandrar inn i fylket. Dette kravet har ikkje Oppland vore villige til å gå med på førebels.

Sau drepen av jerv

STORE TAP: På begge sider av fylkesgrensene har sauebøndene opplevd store tap til jerv. No ønskjer dei å samarbeide om problema.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Der har vi ikkje kome fram til einigheit, men vi er einige om at dette er ein problematikk vi er nøydde til å jobbe med, seier Distad, som samstundes forstår utfordringane kollegaene i Oppland slit med.

Slit med press frå rovdyr

Ivar Odnes, leiar i rovviltnemnda Oppland, seier dei vil vurdere ei buffersone, men understrekar at dei har store nok utfordringar som det er i dag. Fylket har heile 250.000 sau på utmarksbeite i løpet av sommaren.

– Vi har både ulv, bjørn og gaupe, i tillegg til jerven. Så beitenæringa vår er under stort trykk frå fleire rovdyr. Men vi har stor forståing for den situasjonen beitenæringa vest for oss er i. Og den har vi no sagt vi skal gripe fatt i saman, seier Odland.

Sogn og Fjordane er av regjeringa prioritert beiteområde. I Oppland har dei derimot fått pålegg om å ha fire soner for ynglande jerv. Distad ønskjer å få å oppretta ei ynglefri sone frå Ottadalen i Oppland, om lag 50 kilometer aust for fylkesgrensa.

– Jerven ser ikkje fylkesgrensene, men den vil sjå menneskelege installasjonar, som vegar. Så det ville vere ei naturleg grense og det ideelle for oss, seier Distad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser