NRK Meny
Normal

Ikkje redd plattformar nær land

Det ikkje er grunn til å åtvare mot at oljeplattformene kjem nærmare land. Det sa olje- og energiminister Åslaug Haga då ho vitja Florø i dag.

Forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet Reidar Toresen har åtvara mot at det planlagde Gjøa-feltet sørvest for Florø vil kunne utgjere ein alvorleg miljøtrussel om det skjer det same der som på Statfjord A. Men det avviser Haga.

Åtvarar mot følgjene

Ivrige lokalpolitikarar tok i mot Olje- og energiminister Åslaug Haga i Florø i dag. Men møtet som skulle handle om oljearbeidsplassar i Sogn og Fjordane når Gjøa feltet står ferdig har fått eit dystert bakteppe.

Åslaug Haga i Florø

Åslaug Haga i Florø

Foto: Terje Gilleshammer

 

Onsdag lak 4000 kubikkmeter olje ut frå Statfjord A plattforma 165 km vest for Florø. Til samanlikning vil det planlagde Gjøa-feltet berre vere 65 km frå Florø.

Forskingsdirektør Reidar Toresen åtvarar no Haga mot følgjene av å bygge så nært land.

- Det som skjedde her skjedde eit godt stykke frå kysten. Hadde det skjedd nærare land hadde situasjonen vore heilt annleis.

Sjølv om det så langt ikkje er påvist skader på sjøfugl og fisk meiner Toresen utsleppet ville fått fatale konsekvensar hadde det skjedd nærmare kysten.

- I nære kystområde er det mange stader gytefelt for viktige fiskslag. Forsøk har vist at det er stor dødelegheit når egg og yngel kjem i kontakt med olje, seier han. Sjå - Dropp all oljeutvinning nær land

For sjølv om staten brukar hundrevis av millionar på oljevernutstyr har ein ikkje greidd å samle opp noko olje på grunn av vêrtilhøva.

Det er ei påminning om at dei som driv med slik verksemd ikkje har full kontroll, seier forskingsdirektøren.

- Alltid ein risiko

Olje og energiminister Åslaug Haga seier at ulukka skal granskast og vedgår at ho har fått seg ein tankevekkar når ho ser kor makteslause ein har vore mot oljen.

- Hendinga fortel oss at vi er sårbare. Det vil alltid vere ein viss risiko knytt til næringsutvikling og olje- og gassproduksjon. Men vi må finne det fine balansepunktet mellom å ta omsyn til miljøet og sunn næringsutvikling.

- Har dykk tenkt over at miljøkonsekvensar kan bli langt større jo nærmare ein kjem kysten ?

- No er Statfjord A og Gjøa svært ulike felt. Jobben vår både som styresmakter og selskap er bidra til at risikoen blir så liten som mogleg, seier ministeren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser