NRK Meny

Ikkje råka av dataangrep

Verken Sogndal Fotball eller Florø Fotball er råka av dataangrepet som har slått ut billettsystemet til fleire store fotballklubbar i Norge. Odd, Ålesund, Haugesund, Sandefjord, Stabæk og Kristiansund, i tillegg til fleire klubbar i OBOS-ligaen er råka av det internasjonale dataangrepet. – Vi har eit anna system, så hos oss går alt som normalt, seier arrangementssjef i Sogndal Fotball Geir Inge Heggestad til NRK.no laurdag føremiddag. Florø Fotball stadfestar at heller ikkje dei har problem med sine system.