Av:
Olga Wergeland
Etter planen skal basen opne i 2005, men enno er det ikkje kome noko pengar til planlegging og bygging. No vil opposisjonspolitikarar frå fylket etterlyse pengar til basen. Regjeringa skriv at dei vil kome tilbake til denne saka i budsjettforslaget i 2005, men ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal er overraska og irritert. Ho trudde regjeringa var meir handlekraftig enn dette.