Hopp til innhold

Ikkje pengar til rassikring

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete kunne ikkje love pengar til rassikring av riksveg 60 frå Byrkjelo til Stranda på Sunnmøre, då ho deltok på samferdslekonferansen i Ålesund tysdag.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Ho er fullstendig klar over at vegen er i dårleg stand, og meiner det er viktig å få rassikra vegen.

- Eg har fått styrka inntrykket eg har hatt tidlegare om at det er behov for rassikring. I første omgang ventar eg på ein søknad frå fylkeskommunen om forskottering av midlar til deler av vegen. Eg må avvente denne søknaden før eg kan love pengar, seier Navarsete.

- Forventar pengar

Orførar i Stryn, Nils P. Støyva seier det er viktig å få rassikra vegen snarast.

- Dette er ei viktig transportåre for mange av kommunane i Nordfjord, så no forventa vi at det kjem løyvingar, seier han.