Hopp til innhold

– Vi hadde lyst å ta nabopraten

Fylkestinget i Møre og Romsdal avviser invitasjonen frå Sogn og Fjordane om den såkalla «nabopraten». – Ikkje overraskande, vedgår fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Jenny Følling

IKKJE OVERRASKA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane er ikkje overraska over avslaget på ein naboprat frå Møre og Romsdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har bede fylkeskommunane om å vurdere moglegheita for å slå seg saman med nabofylke.

I Sogn og Fjordane har fylkestinget vedteke at dei vil snakke med både Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland. Frå nabofylket i nord kjem det no eit kontakt «nei» tilbake.

– Det er ikkje noko overraskande vedtak. Dette var oppe på eit møte i arbeidsutvalet i Vestlandsrådet, og der var fylkesordførar Jon Aasen veldig klar på at dei ikkje ville ta initiativ til ein nabosamtale, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.no.

«Sterkt nok, stort nok og nært nok»

Jon Aasen

IKKJE AKTUELT: Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal seier det er uaktuelt for dei med ei samanslåing med andre fylke.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Samtalane om samanslåing av kommunar har kome godt i gang landet rundt. I sommar bad kommunalminister Jan Tore Sanner (H) om at også fylkeskommunane tok ein prat med sine nabofylke.

Men dei fremste fylkespolitikarane i Møre og Romsdal er fint lite interesserte i å snakke om ei eventuell samanslåing med andre fylke.

Ifølgje Sunnmørsposten er det samrøystes vedtaket i fylkesutvalet klinkande klart: «Fylkestinget meiner Møre og Romsdal er sterkt nok, stort nok og nært nok til å vere eigen region også i framtida».

– Umogleg

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), seier det er umogleg for dei å inngå i eit stort Vestlandsfylke.

– Sogn og Fjordane har ingen ønskje om ei samanslåing berre med Møre og Romsdal. Fylket ønskjer eit samarbeid med Hordaland og vil ha oss som motvekt.

– Eit storfylke med oss, Sogn og Fjordane og Hordaland, veit eg er umogleg for Møre og Romsdal å gå inn på, seier Aasen til Sunnmørsposten.

Følling nektar for at dette stemmer.

– Dette syns eg ikkje er korrekt. Nordfjord har ei tett tilknyting til Møre og Sunnmøre, og den sørlege delen av fylket har tett tilknyting til Hordaland. Så skal vi ta nabopraten er det like relevant å diskutere med Møre og Romsdal, som med Hordaland, seier ho.

– Må få vareta sine interesser

Ho understrekar at det framleis er mange lause trådar med tanke på ei eventuell samanslåing av fylke på Vestlandet, men at samtalar er viktige første skritt.

– Er du skuffa over at Møre og Romsdal ikkje vil gå inn i ein slik samtale?

– Eg tenker det hadde vore konstruktivt å vere med i samtalar. Men Aasen var veldig tydeleg på at dette er problematisk for Møre og Romsdal, og dei må få vareta sine interesser, og vi våre, seier Følling.