Ikkje overraska over Jølster-vedtak

– Fjaler vil ta ei avgjerd om samanslåing med dei kommunane som dei meiner er best, men kan ikkje bli nekta samanslåing, seier ordføraren.

Gunhild Berge Stang

KAN IKKJE BLI TVINGA: Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang, slår tilbake mot jølstringane med at liten SIS pluss Askvoll og Fjaler ikkje bør overraske.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er ikkje overraska over vedtaket i Jølster etter alle signala vi har fått. Jølster bør heller ikkje vere overraska over initiativet frå Askvoll og Fjaler i og med vi har site i same møter med reformarbeidet fram mot avrøystinga, seier ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang.

Vil vedta det som er best for Fjaler

I går sa eit samrøystes kommunestyre i Jølster ja til å fortsette kommunesamanslåingsarbeidet med kommunane i indre Sunnfjord - Naustdal, Førde og Gaular. Samstundes sa kommunestyret nei til å ta med fleire kommunar inn i samanslåingsarbeidet.

– Liten SIS pluss Askvoll og Fjaler er ikkje eit scenario som bør overraske Jølster heller for å ta det den vegen.

Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, har tidlegare frykta at døra til liten SIS skulle bli stengt, særleg med eit ultimatum frå Jølster. Stang seier Fjaler går vidare på eigne bein, uavhengig av vedtaket i Jølster.

Kan ikkje bli tvinga og nekta samanslåing

– Vi kjem til å gjere eit vedtak basert på det vi meiner er best for Fjaler. Om det skulle bli eit vedtak på at vi vil til liten SIS så blir det fylkesmannen som må gjere eit vedtak.

Kommunen har bestemt seg for å halde døra open for eit HAFS-alternativ mot Askvoll og Hyllestad, og skal sjå på intensjonsavtalen på nytt. Samstundes vil Fjaler parallelt sondere innover mot liten SIS.

– Fjaler har ikkje dei store geografiske ufordringane i forhold til dei andre kommunane i HAFS, så kan ikkje vi komme i den situasjonen at vi treng å komme saman med nokon, men at vi blir nekta. Det er ei problemstilling fylkesmannen må ta stilling til.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.