NRK Meny

Ikkje omskjering i Helse Førde

Helse Førde kjem ikkje til å tilby omskjering av gutar, skriv Firdaposten. Frå 1. januar vart omskjering av gutar ein del av den offentlege helsetenesta i Norge. Avdelingsleiar Nils Sletteskog ved kirurgisk klinikk seier til avisa at Helse Vest truleg vil løyse det med å legge til rette for eit privat tilbod for heile helseregionen.