Talsmann for familien, politiførstebetjent Dag Øyen, seier eit ektepar frå Førde som opplevde flaumen no akkurat er komne heim etter å ha delteke i leitinga.
Dei to har delteke i søket etter Devig og hennar tre år gamle son. Søndag morgon vart mor og son tekne av flodbølgja medan dei låg og sov i ein bungalow i feriebyen Phuket. Også eigaren av Turtagrø, Ole Berge Drægni og hans familie, er sakna i Thailand etter katastofen i Asia.
Talsmann Dag Øyen har løpande kontakt med hjelpeapperatet i Thailand, og foreløpig har han ikkje fått vite noko nytt om dei sakna.