Meininga var at denne klinikken stort sett skulle operere pasientar frå andre deler av landet, og såleis vere ei inntektskjelde for Helse Førde. Men så langt har 65% av pasientane vore lokale. - Det betyr at vi får ein dobbelt negativ effekt. Vi får ikkje inntekter utanfrå, og vi beheld overkapasiteten lokalt, seier Thorsnes.
Marknadsfører seg
Klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus vedgår at resultatet av ortopediklinikken i Lærdal ikkje har vore som venta. Men ho trur dei vil klare målet om å skaffe seg fleire pasientar frå andre helseføretak. - Vi jobbar målbevisst med å marknadsføre oss i andre delar av landet, for å sjå om det er ventelister som vi kan hjelpe til med å få ned, seier ho.