Ikkje meir til Tall Ships Race

Fylkesrådmannen innstiller på at arrangementet Tall Ships Race i Måløy i år ikkje får meir økonomisk støtte frå fylkeskommunen.

Tall Ship-flagget på Måløybrua revna i stormen.
Foto: Bjarne Eldevik

Arrangementet har tidlegare fått 1,5 millionar kroner, men har i budsjettet rekna med 2,5 millionar.

Politikarane skal i neste veke avgjere om Tall Ships Race skal få meir fylkeskommunal støtte.