Hopp til innhold

No er ikkje lokale samarbeid like viktig

For leiinga i Ap, SV og Senterpartiet er det ikkje lenger like viktig med raudgrønt samarbeid i lokalpolitikken.

Nils Petter Støyva, Jenny Følling og Norvall Nøringset.

IKKJE LENGER LIKE VIKTIG: Det raudgrøne samarbeidet i lokalpolitikken er ikkje lenger like viktig for sentralleiinga i Ap, SV og Senterpartiet. I Sogn og Fjordane har Nils P. Støyva, Ap (frå venstre), Jenny Følling, Sp, og Norvall Nøringset (SV) hatt ein samarbeidsavtale som framleis ligg fast.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei siste åtte åra har sentralleiinga ønskt slike konstellasjonar på fylkestinga og i kommunestyra.

Knut M. Olsen

Sp: Knut M. Olsen er generalsekretær i Senterpartiet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Helga Pedersen

Ap: Helga Pedersen er nestleiar i Arbeidarpartiet.

Foto: Håvard Tanche-Larsen Knutsen / NRK
Jenny Følling

Sp: Jenny Følling er fylkesvaraordførar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Silje Schei Tveitdal, partisekretær i SV

SV: Silje Schei Tveitdal er partisekretær i Sosialistisk Venstreparti.

Foto: Stig Marlon Weston/SV
Norvall Nøringset

SV: Norvall Nøringset er SV sin gruppeleiar på fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Årsaka er enkel: Det har blitt sett på som ein fordel for regjeringssamarbeidet.

Men etter den raudgrøne oppsplittinga i rikspolitikken er ikkje dette så avgjerande lenger.

Skrota samarbeidet for open mikrofon

Allereie ei veke etter valet stod Jens Stoltenberg på talarstolen under Ap sitt landsstyremøte og skrota det raudgrøne samarbeidet.

– Når statsbudsjettet er lagt fram, då er det over. Då er det noko nytt som startar, sa statsministeren til sine eigne.

Med dette slo han opp med sine samarbeidspartnarar for open mikrofon. Og med gravlegginga av det forpliktande samarbeidet med SV og Senterpartiet er det ikkje like maktpåliggjande for dei tre partileiinga å få til raudgrøne samarbeid i lokalpolitikken.

– Det viktigaste for Sp har alltid vore å få mest mogleg gjennomslag for politikken vår, og det er no ein gong slik at det er programmet som er vår veljarkontrakt, seier generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen.

– Om du ser heile landet, så er vil ein nok sjå at Arbeidarpartiet flest stader samarbeider med Sp og SV. Men vi har også veldig god erfaring med å samarbeide med Venstre og KrF, og andre parti. Men dette er det Ap lokalt som avgjer, seier nestleiar i Ap, Helga Pedersen.

– Det har vore fordelar

Men dette har pipa får ein litt anna før. For tidlegare var tonen ein litt annan. Tidlegare partisekretær i Ap, Martin Kolberg, oppfordra til raudgrønt samarbeid i fylkesting og kommunestyre for å få ein dobbel effekt av det han kalla ei kursendring i norsk politikk.

I 2008 reiste han til dømes til Trondheim for å bruke byen som føredøme på korleis det raudgrøne samarbeidet skulle fungere.

Også i Senterpartiet sentralt blei det sett på som ein fordel at dei raudgrøne samarbeidde lokalt når partiet styrte i lag med SV og Ap nasjonalt. Det merka også fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling frå Senterpartiet.

– Det har vore fordelar å ha same samarbeidskonstellasjonar i fylket som ein har hatt i regjering. Det har ført til at når det har vore viktige saker, så har det vore lett å gå til våre eigne med ei røyst, seier Følling.

Ser mot sentrum

Sogn og Fjordane er eitt av fylka som har hatt raudgrønt styre dei siste åra. I dag har SV, Ap og Senterpartiet ein samarbeidsavtale, og alle partia seier at han framleis ligg fast.

Men med den raudgrøne oppsplittinga i rikspolitikken kan det bli lettare å samarbeide med andre parti, seier Følling.

– Med ei blåblå regjering som vi har fått no, vil det kanskje finnast rom i sentrum igjen, og Senterpartiet er eit sentrumsparti som vil sjå dit også, seier Følling.

– Vi må leite etter å få fleirtak for vår politikk, og moglegheita for det er større når vi ikkje er ei eit regjeringssamarbeid, seier ho.

Trur på framleis raudgrønt samarbeid

Når Stoltenberg-regjeringa går av om to veker, ønskjer mange i SV å pussa profilen blank og reindyrka partiet sine kjernesaker.

Like fullt legg Schei Tveitdal større vekt på framleis raudgrønt samarbeid, enn leiinga i Ap og Senterpartiet. For SV går vegen til makt lokalt oftare gjennom samarbeid med dei raudgrøne.

– Både på Stortinget i åra framover, og i kommunane og fylkestingspolitikken, vil ein sjå mange eksempel på at Ap, Sp og SV finn saman i saker.

– Det handlar om at vi innanfor mange politikkområde har den same politikken, seier partisekretær i SV, Silje Schei Tveitdal.

Trur Sp vil gå på friarferd

Norvall Nøringset er SV sin gruppeleiar på fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Med svakare påtrykk om raudgrønt samarbeid lokalt, trur han at han veit kva parti i koalisjonen som vil ha lettast for å gå på friarferd til andre.

– Eg vil ikkje vere overraska om Sp vender seg mot KrF og Venstre i større grad in dei har gjort tidlegare. Det vil også skje lokalt etter kvart, seier Nøringset.