Hopp til innhold

Ikkje lenger Fram Flora

Næringsselskapet Fram Flora byter namn til Aksello og blir fylkesdekkande. Selskapet har i dag ni eigarar, men ynskjer seg no fleire. – Ein utvida eigarskap gir oss større musklar. I tillegg til auka aksjekapital og finansielle moglegheiter, gir det eit breiare nettverk og meir kompetanse, seier dagleg leiar Lone Bareksten.