Hopp til innhold

Ikkje legehjelp utan politi

Valdelege pasientar kjem ikkje til å få hjelp frå helsepersonell utan at politiet er til stades, seier legevaktansvarleg Kan Shanker i Bremanger.

Helsesenteret i Svelgen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Natt til andre juledag vart ein lege og to ambulansesjåførar angripne av ein pasient ved Svelgen legekontor.

Slag i hovudet

Legen fekk slag i hovudet, ambulansesjåførane søkte dekning, medan pasienten knuste ambulansen og bilen til legen.

- Vil gå ut over andre

Legevaktansvarleg Kan Shanker er sjokkert over hendinga, og seier dette vil føre til at dei no ikkje vil rykke ut til pasientar som har vore valdelege, utan at dei har politifolk med seg. Men dette vil også gå utover andre pasientar, seier legen.

- Det vil dessverre kome til å gjere det vanskeleg for dei som brukar legevakta i framtida og. Før rykte vi ut til Davik og såg til pasientar frå ytre Bremanger. Slikt blir ikkje lenger aktuelt.

- Kan ikkje anna

- Vi ynskjer ikkje at det skulle ende slik, men når det skjer ting på ein slik grusom måte som her så kan vi ikkje anna enn å innføre ein del slike strenge tiltak.

Takk til lensmannen

Det var lensmann Hans Rune Strandos som kom legen og ambulansesjåførane til unnsetning i jula. Og Shanker meiner det kunne gått mykje verre om Strandos ikkje hadde vore der.

Hadde eigentleg fri


Men legen fortel at lensmannen hadde fri. Eigentleg var det vakthavande i Florø som skulle rykke ut.

- I Bremanger er det eit stort problem at vi ikkje har politivakt på kveldstid. Dei må kome frå Florø, og avstanden er stor. Men heldigvis har lensmann Hans Rune Strandos vore utruleg flink til å hjelpe til sjølv om han ikkje har vakt.

Uansett kva kommunen seier

Shanker er fast bestemt på å gjennomføre nekt av behandling av enkelte pasientar.

- Vi innfører dette uansett kva kommunen eller andre, som Helsetilsynet seier. Ved den minste mistanke om ubereknelege folk skal politiet vere på plass før legen.