Lakselus. Arkivfoto
Harald Midtvoll er medeigar i Lærdalselvi. Han er mildt sagt oppgitt over Direktoratet for naturforvaltning, som no vil stoppe finansieringa av lakselusovervakinga. Det er berre eit par veker til den planlagde overvakinga skulle settast i gang, så beskjeden frå direktoratet kom som ei stor overrasking på mange.
Plage for laksen
Lakselusa har vore til stor plage for både vill laks og oppdrettslaks, og difor har det dei siste åra vore satsa mykje på å overvake kor mykje lus det er på laksen som går inn og ut av fjordane.
- Ikkje vårt ansvar lenger
Avdelingsdirektør i direktoratet, Yngve Svarte, forklarar dette med at Stortinget har bestemt at det er veterinærstyresmaktene som skal ha ansvaret for slik overvaking, og at Direktoratet dermed ikkje lenger har plikt til å betale lakselusovervakinga.
Ikkje pengar i Mattilsynet
Men i Mattilsynet har dei ikkje sett av pengar til lakselusovervaking denne sommaren. Forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet, Ole Torrisen, stussar over framgangsmåten til direktoratet.
- Forstår ikkje
Styreleiar Sveinung Sandvik i Vestnorsk Havbrukslag forstår heller ikkje at direktoratet så brått har bestemt seg for å late att lommeboka. Han meiner direktoratet ved å gi beskjed så seint er skuld i at det ikkje blir lakselusovervaking i år.