Ikkje kutt i Florø no

Helse Førde vil likevel ikkje avvikle sengeposten på 14 senger ved nærsjukehuset i Florø.

For to månader sidan bad styret i Helse Førde om å få ei sak på bordet til styremøtet komande fredag, der dei skulle vurdere å legge ned sengeposten for å spare pengar. Men saka kjem ikkje, seier styreleiar Clara Øberg.

Har skremt styret

Nedleggingstanken kom etter at Bremanger kommune sa nei til å betale sin del av spleiselaget for sengeposten ved nærsjukehuset i Florø.  Flora kommune sa nei til ta over Bremanger sine plikter.

Då valde styret i Helse Førde å starte ein prosess for å avvikle alle dei 14 sengene for å spare pengar. Adminsitrasjonen skulle ha klar konsekvensane til styremøtet fredag.

Men Clara Øberg vedgår at då helseministeren varsla at ho ville gripe inn i etterkant av vedtaket om å redusere ortopedien i Lærdal, har det skremt styret.

- Etter all turbulensen i etterkant av kuttforslaga tidlegare i år, har Helse Førde styret gått i seg sjølv, seier Øberg.

- Florø ikkje verna

-  Å ta opp slike omfattande omorganiseringar i budsjettsaker vil vi gå bort frå. Det skaper mykje uro.

- Betyr det at sengeposten i Florø er verna?

- Nei, eg vil ikkje seie at noko av det vi driv med er verna. Men vi treng ein lengre strategisk prosess før vi bestemmer oss i saka.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.