Rådmann Ole John Østenstad er oppgitt, og sit att med ein matt kjensle etter å ha fått brev frå departementet.
Ingen andre i same situasjon
For i brevet frå kommunaldepartementet er det ikkje teikn på forståing for pengekravet. Førde taper 1,3 millionar kroner årleg, Flora vel 100.000, etter at helseføretaka vart fritekne for eigedomsskatt. Difor vil dei to kommunane ha eit eingongsbeløp som kan dekke dei årlege tapa. Men i brevet skriv kommunalminister Erna Solberg at det ikkje er grunnlag for å kompensere tapa fordi ho ikkje kjenner til andre kommunar i same situasjon.
Snur saka på hovudet
Østenstad forstår ikkje argumentasjonen. - Den verkar litt pussig, seier han. Argumentet er at sidan det berre er Flora og Førde det gjeld så er det ingen grunn til at kommunane skal få ein kompensasjon. Østenstad vil snu det på hovudet og seie at nettopp fordi at det berre er nokre få kommunar som vert råka veldig hardt av dette her, så burde vi få ein kompensasjon.
Håp i statsbudsjettet
Men etter at både finansdepartementet og no kommunaldepartementet nektar å kompensere for tapa, gjev Førde kommune opp. - Vi tek svaret til etterretning, og må innrette os etter det, seier rådmannen. Men han reknar med å få kompensert deler av tapet i den såkalla skjønnspotten i samband med statsbudsjettet neste år.